Fjordidyll i Bergen

Ein skulle jo tru at ein kjente byen relativt godt etter å ha budd der i til saman fem år og tilbrakt helger og feriar der i barndommen, men Bergen har heile tida noko nytt å by på.

image

Ein kjapp køyretur frå sentrum over Fanafjellet mot Os kommune, ligg perla Lysefjorden. Ikkje den samme Lysefjorden som i Rogaland, men minst like fin med mange små og større holmar.

image

Ei helg her med båt, havkajakk og SUP brett til disposisjon, overnatting i eit naust med skalldyr til lunsj og grilling til middag er ein sommardraum.

image

Ein treng ikkje reise langt for å kjenna på kjensla av ferie og reiselukke. Heldig er eg som har moglegheit til å gjenta denne draumen.