Skjervsfossen

Når ein bur i eit område med flott og variert natur vert ein kanskje litt blasert,  men innimellom er det attraksjonar som tar pusten frå lokalbefolkninga også.

image

Skjervsfossen ein solrik ettermiddag midt i snøsmeltinga er ein slik attraksjon.

image

Skjervsfossen ligg ved gamlevegen mellom Voss og Granvin, og er enkel å komma seg til med både bil og sykkel.

Med hjelp frå sherpaer frå Nepal vart den nye rasteplassen og stiar ned langs, og inn til, fossen opna våren 2016. Med tilrettelagt gangveg også for rullestol og barnevogn kan alle no få oppleva det mektige fossefallet.

image

Skal du frå Voss til Hardanger kan eg difor anbefale å ta ein avstikkar innom Skjervet, eller rett og slett køyra gamlevegen ned hårnålssvingane i staden for tunnelen.

image

Ikkje gløym å ta ein tur på toalettet før du køyrer vidare!