Då eg i januar skulle på jobbtur til København ei helg, gjorde eg som eg ofte gjer. I likskap med Londonturen forrige haust. Eg la til ein ekstra dag.

 

Når jobben uansett betaler flyreise og ein først må bruke helga på jobb, kan ein vel like godt nytte moglegheiten med ein dag eller to ekstra i staden for å spare all avspasering til seinare?

Er ein oppteken av bærekraft, kan ein óg spare miljøet for ei ekstra flyreise ved å slå to fluger i ein smekk. Det fungerer i allefall perfekt for ein soloreisande.

 

Etter å ha vakna utkvilt og ete ein god, dansk frukost på hotellet sentralt i byen, hadde eg gode tre timar til rådigheit før workshopen starta. Eg hadde sett meg ut ei rute med attraksjonar eg ville få med meg, og som eg trudde ville vera innafor på den tida.

I skikkeleg fint vintervêr traska eg av garde mot Christiansborg Slott, og vidare ned mot Havnepromenaden og Nyhavn.

 

Etter eit par besøk i spanande interiørbutikkar (kan ein unngå det i København?), stod eg plutseleg framfor det Runde Tårn.

Tårnet har stått der sidan 1640 og heng saman med Trinitatis kyrkje. Blant anna vart det brukt som Danmark sitt nullpunkt når det første kartet skulle lagast. Det er omlag 35 meter høgt, sjølvsagt måtte eg få med meg utsikta!

 

Tilbake til hotellet via Strøget vart det til og med tid for litt shopping. Og knipsing av bilete arkitektur og små serverdigheiter som boligen til Ludvig Holberg. Det er så kjekt å komme over små innskripsjonar og skilt med historiar når ein rusler rundt i nye byar!

 

Noko av det eg VILLE få med meg i løpet av helga var Edgar Degas sine bronseskulpturar på Ny Carlsberg Glyptotek. Og då spesielt Ballerinaen, som eg av ein eller annan grunn har lengta etter å sjå sidan kunsthistoriestudia i 2007. I etterkant er det resten av skulpturane som sitt sterkast i minne – ein utruleg gjenngivelse av bevegelsar i kvardagen.

Heldigvis hadde eg bestilt ein seinare retur enn kollegaene, og kunne nytta søndag føremiddag til fantastisk kunst og historie på museum.

0 comments on “Bonusdag i København

Leave a Reply

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

%d bloggers like this: