Isle of Skye Scotland United Kingdom

Eitt døgn på Isle of Skye

Bli med på eit vêrhardt og opplevelsesrikt døgn på Isle of Skye!

Den tåkete øya kalla vikingane denne skotske øya og namnet har blitt hengande ved. Kanskje fordi det stemmer så godt? I løpet av ein time kan ein godt oppleva både sol, skyer, regn og vind.

Sjølvsagt visste vi at vi kunne forventa oss litt vær på Skye. Faktisk var det nettopp difor vi reiste dit denne dagen. Vinden ville halda den berykta skotske knotten vekke! Og vi kunne få campe og oppleve det dramatiske landskapet i fred. Trudde vi.

 

sam_7510

 

Vi køyrte frå Aviemore på morgonen. Eg fekk nok ein gong opplevd Loch Ness i finvær, men monsteret glimra med sitt fråver no også. Kanskje det må vera skikkeleg uvær for at det skal dukke opp? Etterkvart som vi nærma oss kysten vart det overskya, men kva gjer vel det når slott som Eilean Donan dukkar opp framfor oss? Eit av dei mest fotograferte slotta i Skottland, men diverre ikkje originalt. Det vart opprinneleg bygd på 1200-talet av Mackenzie-klanen, men øydelagt på 1700-talet grunna klanen si deltaking i Jakobittopprørsla. Slottet vi ser i dag er ein rekonstruksjon frå tidleg 1900-tal. Eit storslått syn er det uansett!

 

sam_7519

 

Frå slottet er det berre ein kort køyretur over ei bru til Skye. Vi kom ikkje lengre enn nokre minutt inn på øya før himmelen, bokstaveleg talt, opna seg. Regnet gav seg heller ikkje dess lenger inn på øya vi køyrte. Med vindkast som tok skikkeleg tak i tillegg var ikkje villcamping eit alternativ lenger. Lonely Planet hevda at det var to campingplassar på øya, nokre hotell og ein del private b&b. Vi sjekka tilgjenge på den første campingplassen vi såg, der var det framleis ledig plass – men ein del store dammar og utekjøkken med halvtak. Men toalett og dusj hadde i det minste tak og veggar.

 

sam_7526

 

Det var for tidleg å slå opp teltet og legga seg, så vi køyrte vidare til den største byen på øya, Portee. Det såg ut til å vera fullt overalt, men vi fekk traska litt rundt og kikka på dei typiske fargerike husa og varma oss på ein kopp te. Neste campingplass vi fann var også full. Vi orka ikkje prøve å finne ut om Lonely Planet tok feil på antalet, og bestemte oss for å gå for den første. Det regna og blas framleis like mykje og å tilbringa heile kvelden i eit lite tomannstelt, der ein ville blitt søkkvåt om ein berre kikka ut, var ikkje aktuelt. Nok kafé i Portee, med te og wifi, vart redninga igjen.

Etter ei eitt par timar og innkjøp av ei flaske raudvin, var i tilbake på den første campingplassen. Å setja opp telt i sterk vind, med veggar av vind kommande mot oss, er heldigvis inga sak når ein har med seg ein friluftsmann! Men vått vart det… Middagen vart både tilberedt og ete ståande under eit slags halvtak, med utsikt mot teltet. To andre telt knakk saman av vinden mens vi åt… Heldigvis hadde mannen ikkje tatt med eit simpelt sommartelt på turen!

 

sam_7529

 

I følgje dei lokale skulle været verta betre dagen etter. Men trur du ikkje vi vakna til drypping på teltduken? Inga grunn til å stresse med å stå opp, med andre ord. Heldigvis gav det seg utpå morgonen, og vi kunne endeleg sjå plassen i skikkeleg dagslys.

Han som dreiv campingplassen var glad for at det var opplett, men eg hadde kjensla av at han syns skikkeleg drittvær var betre enn knottsvermar. Så slik hadde vi nok gjort eit godt val. No skulle øya endeleg utforskast!

 

sam_7540

 

Old man of Storr var først ut. Ei gruppe spesielle steinpinaklar litt nord for Portee. Innhylla i tåke såg dei til å byrja med skikkeleg mystiske ut. Tydelegvis ein av dei store attraksjonane på øya, med tilrettelagte stiar opp frå vegen. Mange andre turistar var på veg opp og ned då vi kom, men vi såg ut til å vera dei einaste som var kledd for både regn og vind. Regnponcho hjelper lite når vinden tar tak…

 

sam_7566

 

Vel oppe og ute frå dei merka stiane var vi heilt aleine. Ikkje regna det lenger heller og tåka letta.

 

sam_7563

 

Dei spesielle formasjonane var spennande og vi brukte mykje lenger tid her enn planlagt. Likevel godt brukt tid, og eit must om ein skal til Skye.

 

sam_7590

 

Vidare nordover på øya blanda blå himmel seg inn i skyene og sola kikka fram innimellom. Etter nokre uplanlagte stopp for å sjå meir av det til tider dramatiske, til tider idylliske landskapet kom vi fram til the Quiraing.

 

sam_7603

 

Heile dette området er danna av ei mengde jordskred, og Quiraing flyttar framleis på seg kvart år.

 

sam_7609

 

Vi visste ikkje kva vi gjekk mot, men det vart ein tur blant flotte fjellformasjonar, pinaklar og tjern på eitt par timar. Villkaniner som hoppa rundt like ved stien her gav det lille ekstra.

 

sam_7610

 

Eg vil definitivt anbefale å gå denne turen om ein er på biltur på Skye. Har ein ikkje tid til heile turen, fram og tilbake, kan ein avslutte ved den første sirkelen av pinaklar.

 

sam_7614

 

På lista over ting å sjå på Skye var det framleis ein del att, blant anna Faerie glen, dalen av fear, eit spesielt fyr og slottsruinar, men det byrja å bli seint etter to turar som tok lengre tid enn vi trudde. Værmeldingane viste framleis regnbyger og vi var ikkje spesielt gira på ei natt ute til. Teltet skulle helst tørka før heimreise…

sam_7623

 

Vi satte kursen mot fastlandet igjen etter eitt døgn på øya. Ein av oss byrja å bli litt grinete på køyreturen, når åt vi eigentleg lunsj?! I ull- og regnkle som hadde vore på i eitt døgn, i tillegg til skit frå eit skikkeleg mageplask i gjørma, kom ikkje restaurant på tale. Heldigvis visste friluftsmannen råd. Eg var ikkje spesielt glad for matlaging bak kjeldesorteringscontainarene på ein lokal Co-op, men så fort kokken hadde maten klar smilte verda på nytt. Kva skulle ein gjort utan slike flotte folk som heller ser moglegheitene?

Trass mykje vær vil eg gjerne tilbake til den tåkete øya, og anbefaler det til alle andre. Og som campingplasseigaren tar eg heller litt vær enn knottsvermar…

0 comments on “Eitt døgn på Isle of Skye

Leave a Reply

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

%d bloggers like this: