“Kva vêr er det meldt i morgon?
Det er nysnø og nytrakka skispor på Mjølfjell!
Ein Facebook-post med bilete av nytrakka skispor på Mjølfjell ødela kanskje for planane om å ordne og stelle heime heile helga. Men altså; når den første snøen har lagt seg og det er meldt delvis sol og passeleg kaldt dagen etter. Hadde ein eigentleg noko val?
Nei. Ikkje når ein har hytte berre førtifem minutt køyring heimefrå og moglegheit til å vakne opp i vinterparadis for første gong denne sesongen.
Ein kjapp tur innom diverse boder og opp og ned trappene var eg, han, den firbeinte og to par ski på veg ut av sentrum.
Ein liten time seinare skjenker eg i to glas vin, medan han fyrer i ovnen. Det er koseleg på ei enkel hytte i fjellet, slik som Sendebu, men det er ikkje feil med ei moderne hytte der ein nesten kan køyre heilt fram til døra.
Søndagen lovar godt, med -3 grader, snø på trea og glimt av blå himmel. Vi køyrer dei seks kilometer frå hytta til Mjølfjell Ungdomsherberge, ved enden på Rallarvegen i retning Voss. Rallarvegen er ikkje berre flott til sykling. På vinteren vert det trakka spor frå Ungdomsherberget til Upsete.
Målet vårt er å ta frukosten på Upsete. Frå Mjølfjell er det seks kilometer i lettgått terreng langs elv, vatn, stølar og jernbanen. Vi har gått sesongens første skitur her tidlegare år også, men ikkje i ein vinteridyll som denne gongen.
Med heimebakt brød i nistepakka og te i koppen fekk vi nyte den vesle varmen novembersola gav, før vi begav oss tilbake for ein roleg ettermiddag på hytta. Alle var einige om at husvask får vera husvask når moglegheiter som dette dukkar opp.
Kanskje spesielt han her:
0 comments on “Vintermagi i november”