Vikafjellet mellom Voss og Vik i Sogn er eit fantastisk fjellplatå og ynda turområde. Ein av dei mest populære turmåla er Sendedalene, med fem kilometer lettgått sti langs fire små vatn.
Inst i dalen ligg Sendebu, ei lita hytte bygd av bestefar min og brødrene hans.
Kva er vel betre enn å kunne hiva seg rundt ein fin lørdags ettermiddag, pakka soveposen og taco-ingredienser, og tilbringe natta i slike omgjevnader?
Ein treng ikkje alltid reisa langt for magiske opplevingar!
Bestefar og brødrene hadde nok rynka på nasen over taco-måltidet, men det smakte mykje bedre til solnedgang over haustfargane enn heime i sofaen!
Tenk å kunne leita etter stjerneteikn under tannpussen – og plutseleg sjå nordlyset rulla over fjella!
Å vakna tidleg til ein hund som vil ut, er heilt ok når sola skin og ein blir sitjande med kokoskaffi og ei god bok i solveggen heile formiddagen.
Akkurat då var det ingen annan plass eg heller skulle vore.
Hausten er heilt klart den finaste tida i fjella, når til og med blikkstille vatn speglar fargane.
Takk for denne gong, Sendebu!
Pingback: Vintermagi i november – Voss og verda