Ei veke på sjarmerande, greske Samos oppsummert i bilete.
Pittoreske Kokkari var utgangspunkt for veka.
Dag 1: Formiddagstur i fjella over Kokkari.
Tips! Du får kart over alle stiane i kioskane i sentrum. Hugs meir 0,5 liter vatn…
Dag 2: Kultur og shopping i Samos by (Vathi)
Tips! Besøk det arkeologiske museumet.
Der kan du blant anna sjå den gigantiske statuen av ein kouros (mann) på 5,5 meter. Frå det sjette århundre før vår tidsrekning.
Dag 3: Utflukt til naboøya Patmos.
Tips! Besøk den gamle hovudstaden Chora, som inneheld Johannesklosteret og vart bygd som ei borg for å forsvare seg mot piratar.
Her finn du og grotta der apostelen Johannes visstnok skal ha fått åpenbaringen sin.
Dag 4: Mountain biking i fjella over Kokkari.
Tips! Ta lunsjen i idylliske Vourliotes før du tar stiane ned att.
Koseleg lunsjselskap!
Dag 5: Med leigebil rundt øya. Som Vestlending treng ein ikkje bekymre seg for vegstandarden!
Tips! Parker i Pythagorion og gå opp til Spiliani-klosteret i fjellsida. Hugs å kjøpe is hjå den hyggelege munken!
Ta deg og tid til å utforske Heraion. Tempelet til gudinna Hera, som skal ha vore det største greske tempel bygd nokonsinne. I dag står det vel og merke berre att ei søyle, av 115 i år 500 f.kr.
Pythagorion er triveleg, om ikkje like koseleg som Kokkari.
Dag 6: Stranddag i Kokkari.
Tips! Brukar du dagane på å utforska øya, nyt nokre timar på stranda på ettermiddagen. Går du tilbake til same stad kvar dag, får du kanskje leige gratis solseng heile veka. I alle fall om du er ei soloreisande jente…
Anbefaler også å få ein gresk kompis, som Alexandros. Han kom køyrande med ferske fersken på scooteren sin kvar ettermiddag, og kunne fortelje mykje om livet i Hellas dei siste 50 åra.
Kveldane vart brukt til å ete gresk meze, drikke god vin og utforske den vanvittig sjarmerande byen.
Tips! Ta med kjærasten.
Kokkari er litt for romantisk til å vera den perfekte solodestinasjon.
0 comments on “Samos: ei veke i bilete”