Balkan Bosnia & Herzegovina

Trebinje – berre eit stopp på vegen?

Kva kan ein forvente av ein by ein plukkar relativt tilfeldig frå ei bussrute?

Tidleg på morgonen forlot eg Villa Globus og rusla mot busstasjonen i Mostar. Det var på tide å bevege seg sørover i retning Montenegro. I staden for å bruke heile dagen i bussen, vill eg dele turen i to og overnatte i Trebinje. Ein by eg ikkje hadde høyrt om før eg sjekka ut bussruta mellom Mostar og Budva, og eg ana ikkje kva eg kunne forvente.

SAM_8164

Etter ein busstur utanom det vanlege, med bussjåførar som skøya og song på bosnisk, og utsikt mot gamle borger, små gardar, landsbyar og fjell var eg framme i Trebinje seint på føremiddagen.

20160727_115740

Etter ein kjapp tur innom turistinformasjonen, som forøvrig sannsynlegvis var den best fungerande turistinformasjonen på heile reisa, fann eg enkelt motellet eg skulle bu på. Førsteinntrykket var positivt og eg fekk sjekka inn tidleg. Kjekt å sleppe å dra rundt på bagasjen i fleire timar.

SAM_8177.JPG

Frå motellet rusla eg langs elvepromenaden mot Arslanagic bru, som etter det eg forstod var den største attraksjonen i byen. Brua vart bygd i 1574, og knytte handelsrutene mellom sentrale bosnia og Herceg Novi i Montenegro. På grunn av bygging av vasskraftanlegg på 70-talet, vart brua flytta nærare Trebinje by frå den opprinnelege handelsruta.

SAM_8185

Området langs elva er faktisk verna, grunna mangfaldet av plantar og fuglar. Det var reint og flott, med store hjul her og der som viste korleis dei tidlegare spreidde vatnet frå elva ut markene.

SAM_8186

Inne i sentrum var det marknad, og det lukta ein god blanding av krydder, frukt, honning og sterke ostar over heile torget. Trebinje er ein nyare by enn Mostar og Dubrovnik, og vart ikkje ramma av krigen på nittitalet. Her er store flotte bygg og opne plassar med uteservering.

20160727_154208

Gamlebyen er nyare og ikkje like sjarmerande som byane nemnt over, men det flotte bygget som rommar Hercegovina Museum tronar flott over dei mindre, gamle bygga og trange smuga.

I likskap med Mostar er Trebinje bygd rundt elva og omringa av høgdar. På den eine høgden ligg den ortodokse kyrkja Gracanica, bygd i 2000, og her måtte eg sjølvsagt opp. Den to kilometer lange vegen svinga seg oppover frå sentrum, først gjennom boligområde og deretter gjennom barnålskog. Å gå oppover her midt på dagen var kanskje ikkje det luraste, men utsikten frå toppen var verd all sveitte. Kyrkja i seg sjølv var nydeleg, men for min del var den for ny til å vera veldig interessant.

20160727_204509

Kvelden vart tilbrakt på ein uteservering med god lokal vin og ei bok. Stemninga var ein heilt annan enn i Mostar og Dubrovnik. Mykje fordi det var så få andre turistar her, og knapt noko andre frå vest-Europa.

Natta vart prega av at resten av motellet var fullt av ein serbisk ungdomsgjeng som hadde fest i trappegangen, og eit personale som ikkje brydde seg i det heile. Når rommet i tillegg viste seg å vera temmeleg skite, var eg glad eg berre skulle bli ei natt.

Etter ein joggetur langs elvepromenaden, sjekka eg ut og rusla mot busstasjonen igjen. 24 timar i Trebinje var flott, og akkurat nok. Det er ein fin by, med nokre interessante serverdigheiter – men ikkje nok til at eg ville blitt lenger. Uansett interessant å sjå ein plass uten preg av masseturisme, og læra meir om den serbiske befolkninga i Bosnia & Herzegovina.

1 comment on “Trebinje – berre eit stopp på vegen?

  1. Pingback: Badeferie i Budva – Her & der

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google photo

You are commenting using your Google account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: