Dubrovnik er ein turistifisert by. Slik er det berre. På dagtid vrimlar det i gamlebyen, og det er så vidt ein kan snu seg i dei sentrale smuga. Det er likevel ein by verd å oppleve.
Sidan eg allereie hadde brukt fleire dagar i byen på ei tidlegare reise, trengte eg ikkje setje av fleire dagar der under Balkan-eventyret mitt i 2016. Flyet mitt landa seint på kvelden, og bussen vidare til neste destinasjon gjekk neste ettermiddag. Så det var likevel greitt å bli ei natt. Eg budde midt i gamlebyen, på Guest House Jeljenic, og det kan anbefalast om du har lita tid. Dei arrangerte henting på flyplassen til ein grei pris, og etter å ha lagt frå seg bagasjen var det framleis mogleg å få seg ein pizza på ein koseleg restaurant.
Bur du i gamlebyen, vil eg anbefale å stå tidleg opp for å få med seg det “verkelege” Dubrovnik.
Eg tok meg først ein kjapp joggetur, medan klesvasken vart hengt ut og pensjonistane sat på trappene og drakk kaffi.
Etter ein kjapp tur tilbake på rommet, var eg på ny ute med frukost i sikte. Utan andre turistar kunne eg eta i fred for mas og støy, og sjå korleis dei lokale oppførte seg i timane før det vart for varmt og folksomt.
Ikkje før klokka nærma seg elleve dukka turistgruppene opp, og eg fekk gå heilt i fred på museuma eg stakk innom.
Har du ikkje gått på bymuren kan det også anbefalast å gjera tidleg. Det er både rimelegare, og du slepp faren for solstikk!
Når varmen og turistane gjorde sitt inntog, leigde eg ei solseng på denne stranda og vart der til det var på tide å gå til bussen. Tru det eller ei; stranda blei aldri meir enn halvfull!
0 comments on “Morgontimar i Dubrovnik”