Balkan Bosnia & Herzegovina Mostar Solo travel

Herzegovina på ein dag

Etter ein innhaldsrik dag i Mostar, var tida inne for å sjå litt meir av Herzegovina.

Guida turar eg ikkje berre ein god måte å bli betre kjent i eit område, det er også ein flott måte å treffa andre når ein reiser aleine. Nokre gonger er det kjekt å dela opplevingar.

Via turistinformasjonen fekk eg booka ein heildagstur i Herzegovina med eit lokalt selskap.

SAM_8080

Guiden plukka meg opp i privatbilen sin tidleg på morgonen, og overraskinga var stor då han byrja å snakke norsk så fort han skjøna kvar eg kom frå. Tanta hans flykta til Bergen under krigen på nittitalet, og han hadde vore på besøk i fleire månader i strekk. Etter å ha møtt resten av gruppa var vi til saman tolv turistar, ein guide og to ekstra sjåførar – perfekt gruppestorleik.

Første stopp ana ingen av oss om; Tito sin hemmelege flyplass, like utanfor Mostar. Den låg rett ved hovudvegen, umogleg å sjå. Kommunisten Joseph Tito regjerte Jugoslavia frå andre verdskrig til han døydde i 1980, fyrst som statsminister og så som president. Den hemmelige flyplassen oppretta han under den kalde krigen. Det er ein 500 meter lang bua tunnel, med utgang i begge endar og hangar til militærfly midt i. Vi fekk høyre historiar om Tito og paranoiaen som forverra seg med åra under den kalde krigen, før vi gjekk gjennom tunnelen med lommelykter.

SAM_8162.JPG

Neste stopp var Blagaj og det første vi såg var Blagaj fort på høgden over landsbyen. Det er funne indikasjonar på at det har budd folk på høgden både i steinalder og romersk tid, men fortet stammar sannsynlegvis frå Hum-folket i tidleg middelalder. Seinare vart det tatt over av bosniarar og deretter ottomanane.

Sjølv om fortet ser storslått ut, er hovudattraksjonen i Blagaj Dervisj klosteret, Blagaj Tekija, som vart bygd like etter at Herzegovina fall under tyrkisk (ottomansk) styre på midten av 1400-talet. Klosteret har tilhøyrt ulike dervisj-ordenar. Enklast forklart kan ein seie at det vart brukt til munkar innanfor ulike “alternative” muslimske greiner, kalla sufi.

Klosteret låg veldig fint til, klamrande fast i fjellet ved utspringet av elva Buna. Vi utforska huset og området på eiga hand, og fekk tid til å ta ein is i sola og prate med dei andre i gruppa. Eg fann raskt tonen med tre andre på min alder som reiste aleine.

Snapchat-7361404477391080541

Neste stopp var utruleg pittoreske Pocitelj, ein borgby som først vart oppført på slutten av 1300-talet då bosniarane regjerte. Staden var også administrativt sentrum for regionen lenge før den tid. Seinare har byen gått i frå det eine herredøme til det andre, saman med resten av Herzegovina; venetiansk, ungarsk, ottomansk og østerisk-ungarsk. Spesielt under tyrkisk styre blomstra byen, og mange av bygga stammar frå den tida. Seinare vart den neglisjert og deretter hardt ramma under krigen frå 1992-96.

I dag er nokre av bygningane restaurert, blant anna moskeen og hamamen frå ottomansk tid, og det er nokre bolighus, kafear og butikkar der. Pocitelj står på tentativ liste for verdsarvstatus.

Klokketårnet øvst står framleis i ruinar, men med litt klatring var det mogleg å koma seg heilt opp og nyta utsikten. Minner frå farne tider og granatepletre kvar enn du snudde deg!

SAM_8128

Ein liten køyretur vidare kom vi til Kravice-fossane. Dei 25 meter høge fossane var kanskje ikkje dei mest spektakulære sett med norske auge, men idyllisk var det. Sidan dei avkjølande skyene frå dagen før var forsvunne, var det uansett fantastisk å kunne kjøle seg ned i det kalde ferskvatnet!

Lunsjen tok vi på restauranten ved bredden, der vi åt cevapi, drakk lokalt øl og delte reiseerfaringar. Det er rart kor raskt ein blir kjent når ein er på tur!

SAM_8134 (1)

Hum Hill var siste stoppestad på turen. På grunn av den store krossen på toppen, kan ein ikkje unngå å leggje merke til høgden når ein ruslar rundt i Mostar by.

Hum Hill var ein sentral stad under krigen på nittitalet, på kroatane si side. Vi fekk sjå snikskytterplassen, der dei kunne sikte seg rett inn på gamlebyen ved Stari Most. At den 33 meter høge krossen, som vart satt opp like ved i 2000, har skapt ein del diskusjon og irritasjon er lett å forstå.

For ein vossing som er vant til å gå akkurat der ein ynskjer, var det også spesielt å sjå minesperringar. Bosnia & Herzegovina har framleis eit stort mineproblem, men som oftast er det trygt så lenge du held deg på gode stiar. Eg ville nok likevel ha hatt med meg guide på fjelltur i området…

Etter ein kjapp dusj tilbake i Mostar, møtte eg gruppa på nytt. No stod sniper tower for tur. Høghuset som ein gong fungerte som bank, vart overteken av kroatar og serbarar under krigen der dei hadde god sikt til både bosniske heimar og gåande. Å høyre historiane direkte frå dei som opplevde å bli skoten etter som barn var sterkt…

Vi fekk også forklaringa på kva det gule, flotte bygget eg hadde lagt merke til dagen før var. Det var opprinneleg ein skule, og låg akkurat på grensa mellom kroatisk og bosnisk side. Her vart bosniske familiar samla, kvinnene voldtatt og mennene torturerte. Eg får framleis frysningar av at dette skjedde for berre eit par tiår sidan.

 

Sniper tower står framleis i ruinar, alle vindauge er borte og alt glaset ligg inne på golvet. På veg oppover etasjane var veggane fylt med utruleg grafitti.

Dagen eg kjem til å hugsa lenge vart avslutta med felles middag, før eg tok ein tidleg kveld. Tidleg neste morgon skulle eg vidare på turen i Herzegovina.

HER & DER

0 comments on “Herzegovina på ein dag

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google photo

You are commenting using your Google account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: