Balkan Bosnia & Herzegovina Mostar Solo travel

Don’t forget

Mostar, byen som er bygd rundt den vakre brua, var andre stopp på Balkaneventyret. Bosnisk gjestfriheit, historie og tusenvis av skritt prega dei neste dagane.

Eg ankom Mostar i Bosnia & Hercegovina tidleg på kvelden, med buss frå Dubrovnik.

20160725_214444

Etter å ha funne fram til Villa Globus, der eg skulle bu dei neste dagane, var det på tide med mat. Og kanskje kunne eg få eit glimt av brua? Frå Villa Globus var det to minutt til hovudgata, der eg svinga til venstre og snart kom inn i koselege brusteinsgater. Restaurantar låg side om side nedover gata, og plutseleg såg eg brua opplyst i mørke. Hovudmålet no var mat, så å gå over brua fekk vente til dagen derpå.

Det var ikkje dei sprekaste menyane å finne langs gågata mot brua, og ikkje fekk eg aleine oppta eit heilt bord med utsikt til brua heller. Sliten etter reisa satt eg meg like godt ned på eit halal gatekjøkken, der eg bestilte cevapi som er ein slags bosnisk kebab. Her møtte eg så til dei grader den bosniske gjestfriheten!

SAM_7953

Eg hadde vore litt bekymra for varmen i Mostar. Byen er inneslutta av fjell og vert som ei gryte på sommaren, temperaturen låg på godt over 40 grader i dagane før eg kom.

I løpet av natta vakna eg til eit vanvittig uvær – lyn, torden og regn i massevis. På morgonen var det friskt og fint, og nok ein gong berre å knyta på seg joggeskoa for ein liten bli-kjenttur før frukost. På veg tilbake til Vila Globus møtte eg verten min utanfor ein kaffibar. Han spanderte kaffi og mange gode tips til kva eg burde sjå i byen – ein betre start på dagen kunne eg ikkje ha håpa på!

SAM_7949

Mostar er bygd opp rundt den gamle brua, Stari Most, som først vart oppreist i 1566. Namnet Mostar stammar frå dei gamle bruvoktarane, Mostari, som budde i tårn på kvar si side av elva. Den originale brua vart fullstendig øydelagt av kroatiske styrkar i 1993, men heldigvis vart den rekonstruert i 2004. Dette har vore viktig for gjennoppbygginga av turismen etter krigen, men ikkje minst viktig for lokalbefolkninga. No står både brua og gamlebyen på Unesco si verdsarvliste.

SAM_7981

Mostar har i lang tid vore delt mellom kristne og muslimar, kroatar og bosniarar. Gamlebyen på aust-sida av og nær elva er bosnisk, medan vestsida av byen er kroatisk.

SAM_7976

I gamlebyen er det to flotte moskear der ein kan klatre opp i minareten og nyte utsikten mot brua. Spesielt den som ligg midt i gamlebyen gjev ein utruleg utsikt.
SAM_7985

Det vart gått ein del skritt og klatra nokre trapper denne dagen, og eg priste skyene og det kjølige vêret! Hadde gradestokken vist 40 grader ville eg nok ikkje sett halvparten, sjølv om byen er kompakt.

SAM_8022

Du skal ikkje gå lenge i denne byen for å føle den vanvittige historien på kroppen. Det tydelegaste er sjølvsagt krigen frå nittitalet, der kroatane på vestsida av elva angreip bosniarane på østsida. Brua og gamlebyen er bygd opp att, men det gjeld definitivt ikkje alle bygningar. Langs gatene ser ein ruinar av det som må ha vore flotte, herskapelege bygg for nokre tiår sidan. Gravplassen er full av unge som omkom i krigen.

SAM_8021

Det er gjort ein god jobb med å vise fram historia på ein god måte, blant anna på Museum of Herzegovina. Der fekk eg sjå ein film om Stari Most, brua, med gamle klipp frå daglegliv og stupekonkurransar, raseringa under krigen og gjennoppbygginga på 2000-talet. Klumpen i halsen kom då eg skjønte kor mykje den betydde for identiteten til lokalbefolkninga.

SAM_7969.JPG

I eit av tårna ved brua kan ein få med seg ei fotoutstilling med bilete frå krigen på nittitalet. Ein australsk fotojournalist hamna midt i konflikten på sin fyrste utanlandsjobb, og dokumenterte dagleglivet blant ruinar og snikskyttarar på ein utruleg måte. Forbered deg på klump i halsen også her!


Fleire plassar i byen kan ein likevel sjå originale ottomanske hus. Har ein lita tid kan ein droppe dette, men har ein tid er det interessant å ta ein kikk. Mostar er ein god miks av eksotisk og vestleg, og det kjem godt fram her.


Eigedommen over har vore i same familie i mange hundre år. Tidlegare var det herskapsfolk som budde her, i dag er det delvis omgjort til eit lite, eksklusivt hotell som nesten alltid er fullbooka.

SAM_7989

Kor mange bilete tok eg av Stari Most? Eg anar ikkje.

SAM_7958

Brosteinen i gamlebyen vart også flittig fotografert. Steinane var lagt i flotte mønster overalt.

SAM_8037

Utpå ettermiddagen skjønte eg at det skjedde noko på brua! Menn i badebukse gjekk fram og tilbake på rekkverket og samla inn donasjoner og publikum stimla saman. Skulle eg få sjå eit av dei berømte hoppa frå brua?

SAM_8045

Ja! Etter litt venting hoppa det plutseleg ein kar frå den 24 meter høge brua.

Kunne du tenke deg å hoppe sjølv? Det er mogleg, men ikkje prøv deg på berre å hoppe utfor. Landar du litt feil er sjansen stor for å treffe stein… Vil ein hoppe kan ein bestille kurs, og dagen går med på å øve med lokale stuparar på andre stader før ein avsluttar med sjølve brua.

20160725_185634

Middag og eit glas lokal vin kunne eg nyte med utsikt til den “krokete brua”, som er ei gammal, lita bru litt vest for Stari Most.

Før senga kalla vart det og tid til eit besøk på ein vannpipebar med utsikt til elva saman med ein lokal vennegjeng eg hadde møtt til frukost.

20160725_121953

Mostar var ein flott destinasjon å reise aleine i. Dei aller fleste eg møtte på i løpet av dagen var svært så hyggelige og gjestfriheten er stor. Dei delte villig historiar om livet før, under og etter krigen, og kaffien var aldri langt vekke. Ingen andre destinasjonar under Balkan-eventyret i 2016 kunne måla seg med Mostar på dette området.
20160725_111906

Sjølv om det er enkelt å ta ein dagstur hit frå ferieplassane i Kroatia og Montenegro, anbefaler eg å overnatte. Det er morgon og kveld du verkeleg får med det beste av Mostar. Som så mange andre plassar.

1 comment on “Don’t forget

  1. Pingback: Herzegovina på ein dag – Her & der

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google photo

You are commenting using your Google account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: