Etter nokre timar i bussen gjennom skog og fjellområde kunne vi plutseleg sjå Adriaterhavet i det fjerne. Bussen snirkla seg nedover den bratte fjellsida forbi Cetinje mot Budva. Byen eg hadde høyrt så mykje om gjennom heile oppveksten. Byen mor mi snakka så mykje om, etter fleire feriar der på 70-talet. Eg var spent på å sjå kor mykje den hadde forandra seg frå alle bileta eg gjennom åra har kikka på å i gamle album.
Det første som slo meg var at den var stor. Og det var turistar overalt. Ein stor forandring frå rolege Trebinje. Etter fleire dagar i innlandet i Bosnia & Herzegovina, var første mål å ta eit bad.
Det var enklare sagt enn gjort. Sjølv kl. 17 var det stappfullt overalt. Eg hadde lese at Mogren Beach skulle vera plassen å gå, men her var det så fullt at eg så vidt fann ein plass å leggja frå meg kleda for å ta ein dukkert… På veg tilbake booka eg rett og slett solseng for neste dag, på stranda like ved gamlebyen. Det viste seg å vera eit godt val, då eg kunne utforska byen mellom soløktene. Eg vert fort lei av å liggja i ro i steikande sol.
Budva skal ha blitt grunnlagt allerie på 400-tallet f.Kr og gjekk under navnet Illyria i Romertida. Det er framleis ein flott gamleby, sannsynlegvis ikkje så anleis enn under mor mi sine besøk på 70-talet.
Trange smug med koselege kafear og restaurantar på dei mange plassane.
Frå omlag 1400-1800 var Budva ein del av det Venetianske imperiet, og det pregar framleis maten. Pizza, pasta og risotto fann ein overalt, saman med fisk- og skalldyrrettar.
I dag er det den største feriebyen i Montenegro og sentrum langs den budvarske riviera. For det meste prega av russisk og østeuropeisk turisme, og det verka som om dei fleste kunne russisk. Stemninga var likevel god, med ein god blanding av ungdommar og familiar.
Eg budde i eit fantastisk rom i Vila Mitrovic, hjå ein familie som snakka perfekt engelsk og ikkje visste kva godt dei kunne gjera. Sjølve rommet var moderne og kunne like godt ha vore på eit 4-stjernes hotell. Det beste var likevel balkongen! Romsleg og med ein fantastisk utsikt.
Frå Vila Mitrovic gjekk det ein snarveg ned til gamlebyen. Kveldane gjekk med til å eta god mat og utforska dei mange smuga. Langs havna stod turtilbydarane på rad og rekke, og eg booka ein båttur langs rivieraen den andre dagen der.
Båtturen gjekk nedover langs kysten, med badestopp både her og der. Blant anna ved Sveti Stefan. Øya som frå 1400-talet husa ein liten fiskarlandsby, men som no er eit luksushotell og kanskje det mest kjente bilete frå Montenegro.
Med på båtturen var det fleire koselege par og nokre få andre som reiste aleine. Noko som overraska meg undervegs var at dei fleste jentene ikkje kunne svømma. Mennene hoppa uti, mens jentene måtte låna flytevestar i båten.
Vi stoppa i den vesle byen Petrovac, der vi hadde nokre timar til rådigheit til lunsj og strandliv.
Er ein nokre dagar i Budva, vil eg på det sterkaste anbefale ein slik utflukt som avveksling til bystrendene. Kysten er nydeleg.
På veg tilbake stoppa vi på Sveti Nikola, ei lita strandøy som ein også kan ta båttaxi til direkte frå Budva. Eg forlot båten og tilbragte resten av ettermiddagen strak ut på ei solseng.
Budva er nok ikkje byen eg vil anbefale andre aleinereisande. For min del var det viktig å endeleg få oppleva den, men eg tenkte ofte at eg heller skulle vore der på mor mi si tid.
0 comments on “Badeferie i Budva”