Fjord Norway

Vakkert i Valldal

Julegåva 2016 viste at kjærasten min har skjønt kva eg likar: å ha opplevingar å gle meg til.

Gåva var to overnattingar på Juvet Landskapshotell i Valldal. Spanande arkitektur kombinert med nydeleg mat og natur kunne vel ikkje bli anna enn perfekt?

Då vi ein sundag i mars køyrte inn på tunet i Øvre Valldal, etter den lange køyreturen frå Voss, senka skuldrane seg med ei gong.

Juvet Landskapshotell består av ni unike hytter bygd inn i naturen like over juvet. I tillegg er det eit spa/badeområde og ein låve omgjort til resespsjon og restaurant.

Middag er ikkje inkludert i opphaldet, men anbefalast på det sterkaste. Kven vil vel byte ut 3-4-rettars med ei pølse på bensinstasjonen i Valldal? Både mat og vin var nydeleg begge kveldar, men det beste var nesten selskapet. Det er lagt opp til at alle gjester skal sitje saman på langbord. Vi vart raskt kjent med dei seks andre gjestene og vart sitjande ved bordet i nesten fire timar første kvelden.

Uansett bakgrunn og interesser vil eg tru at alle som overnatter her kjem på grunn av natur og arkitektur. Då finn ein alltid eit eller anna å snakke om.

Er ein først på Sunnmøre må ein koma seg til fjells. På grunn av vær, snø og nivå (mitt) var ikkje dei høgste toppane aktuelle denne gong, men eg var nøgd så lenge eg fekk fjordutsikt. Mefjellet (1100 moh) vart anbefalt med Fjørå som startpunkt.

Vi traska oppover i 10 grader og påskeslusj ei god stund, før været skifta heilt då vi kom opp på ryggen. I kuling og på knallhard, vindblåst snø tok vi skia på ryggen det siste stykket. Ikkje dei optimale forholda eg hadde håpa på, men for ein utsikt!

Etter skitur med mykje vær kunne ingenting passa betre enn eit besøk i badeavdelinga. Det vart snøbading, etterfulgt av ein tur i dampbadstova før bobler i badestampen ute. Nokon som sa romantisk?

Ingen av hyttene på Juvet var like, men alle er designa for at ein skal kunne nyte naturen utanfor til det fulle. Med mørkt, enkelt interiør av tre og ein vegg av glas ut mot elva var det ikkje noko som distraherte, vi brukte mykje tid i lenestolane framfor vindauge. Etter middag siste kvelden var det heilt stjerneklart ute, og det var nesten som å sitje under åpen himmel!

0 comments on “Vakkert i Valldal

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google photo

You are commenting using your Google account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: