Florence Italy Ravenna UNESCO

På to hjul i Italia 

Studietur på sykkel tvers over Italia!

Kva gjer ein når ein er så heldig å verta invitert på studietur til Italia for å sykle landevegssykkel over Appenninene, men ikkje har sykla meir enn eit par kilometer i strekk dei siste åra? Ein takkar sjølvsagt ja, investerer i sykkelshorts og trør 2-milsrunden rundt Vangsvatnet eit par gongar før avreise.

Sykkelferie med ExperiencePlus! viste seg å vera ein fin blanding av god mat, sykling på bygdevegae mellom pittoreske småbyar, is, kultur og vin.

20150822_121749

Første etappe var på 54 kilometer frå Ravenna til Faenza og gjekk for det meste flatt på rolige småvegar. Det var til ei kvar tid vera tre guidar med på turen, ein sykla av garde ei stund før oss for å markera ruta med krittpiler på asfalten. Den andre køyrte følgebil med forfriskningar og utstyr for sykkelreparasjon, medan den tredje sykla med gruppa og låg for det meste sist for å få med alle.

Ved å følje krittmerkinga fekk vi blant anna sjå litt av mosaikken Ravenna er kjent for og nyte lokal is i ein liten landsby.

20150822_125949

Lunsj fekk vi på Experience Plus sitt hovudkontor i Europa. Ingen tvil om at vi var i Italia!

20150822_175859

I Faenza fekk me historia til fajansekeramikken, som byen har vore kjent for sidan 1400-talt.

Andre sykkeletappe skulle vera den hardaste, på omlag 7 mil over eit pass i Apenninene. Det var lagt inn stopp med olivenoljesmaking i koselige Brisighella før stigninga starta, og her kan dei som ikkje ynskjer å sykle hoppe på toget over fjella.

Krittmerkinga viste oss ulike attraksjonar langs vegen.

Stigninga var jamn det meste av tida og nordmennene klarte seg godt i middelhavsklimaet.


Det var likevel godt å nå toppen! Herifrå var der omlag 1 mil nedover til neste destinasjon, Ronta.

Siste etappe skulle ta oss frå Ronta til Firenze i kupert terreng. Vi vakna opp til skikkeleg uvær og guidane vurderte å setje oss på eit tog i staden.

Dei hadde ikkje hatt med nordmenn på tur tidlegare… Litt regn er vel inga hindring?

Vi slapp heldigvis unna det verste regnet og fekk ein fin sykkeltur gjennom ein liten del av Toscana. I Fiesole tok vi ein pause og nytte utsikten over Firenze – for eit fantastisk område!

Vel framme parkerte vi syklane og brukte ettermiddag og kveld til sightseeing, shopping, god mat og vin. Kva anna skal ein gjera i Firenze?

Før heimreise fekk vi ein guida tur i byen. Guide er alltid å føretrekka dersom ein har litt knapt med tid. Då får ein med seg det som er verd å sjå, historie og artige historiar.

Denne turen var i regi av Amerikansk-italienske ExperiencePlus!, som har drive med sykkelferiar sidan 1972. Vår tur er siste del av ruta Venezia-Firenze, og sjølv med minimal sykkelerfaring skulle eg gjerne opplevd heile ruta.

0 comments on “På to hjul i Italia 

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google photo

You are commenting using your Google account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: