England London United Kingdom

Ein dag på måfå i London

Å ta fram tube-kartet og velge dagens mål ut frå ein stasjon ein ikkje har gått av på før.

Noko av det eg likar best når eg reiser aleine, er å gå rundt på måfå. Utan plan om å vitje noko spesielt, men heller å ta inn det eg ser undervegs.

20161110_102340.jpg

Det var akkurat det eg gjorde i London ein dag i førre veke. Eg hadde vore på konferanse dagane i forvegen og skulle til ei venninne i Ealing på kvelden. Fram til då kunne eg gjera akkurat som eg ønska.

20161110_102412.jpg

Turen gjekk frå hotellet i Bloomsbury til Euston station og tuben, via ein park i nydelege haustfargar og eit lite møte med Gandhi.

20161110_110805.jpg

Eg har vore i London mange gongar før, mogleg dette var den tiende turen (eller meir) dei seinare år. Eg har traska mykje rundt både på dagtid og på kveldstid, aleine og saman med lokalkjente. Likevel har eg nok berre sett ein brøkdel av det storbyen har å by på.

20161110_110909.jpg

Denne dagen tok eg utgangspunkt i stasjonen Old Street, som eg så ofte hadde køyrt forbi på tuben men aldri gått av på. Eg hamna midt i Shoreditch, som skal vera eit ganske kult område. Det var det!

20161110_111334.jpg

For meg er det i alle fall heilt topp å traske rundt i gater med flott gatekunst på annakvart hjørna, blanda med gamle bygg, statuar, små butikkar og kafé.

20161110_111043.jpg

Eg hadde lese om eit pop-up kjøpesenter i området som eg ville besøke når eg først var i nærleiken. Etter litt prøving og feiling på gater, fann eg det til slutt.

20161110_111954.jpg

Å finna fram i London er eigentleg ganske enkelt. Mykje grunna dei gode skilta med kart, som visar kvar du er til ei kvar tid. Slike kart skulle ein hatt fleire plassar!

20161110_112921.jpg

Boxpark, pop-up kjøpesenter i Shoreditch. Små fine butikkar med interiør, second-hand, designklede og smykker på gateplan, alle individuelle og ikkje noko du finn andre stader. I overetasjen var det barar og spisestader.

20161110_112216.jpg

Vidare kom eg over Spitafields Market. Dette hadde eg også høyrt om før, men aldri besøkt.

20161110_120641.jpg

Anbefalast til alle som likar eit touch av retro i interiøret. Skulle ynskja eg hadde kjøpt nokon keramikkvasar, men sidan eg var ute og gjekk utan mål ville eg ikkje bera på noko ekstra. Neste gong.

20161110_121543.jpg

Turen fortsatte etter ein kaffipause utanfor marknaden. Er det ikkje flott når ein kan skimta blå himmel og ein kan gå utan lue og hanskar i november?

20161110_130018.jpg

Via Brick Lane og St. Catherine Docks, som eg har besøkt før, endte eg opp ved Tower Bridge. Frå Tower Hill gjekk turen vidare til Leicester Square og Covent Garden for lunsj og litt shopping, før eg reiste vestover til endå eitt nytt område; Ealing.

20161110_130046.jpg

0 comments on “Ein dag på måfå i London

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google photo

You are commenting using your Google account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: