Spain

Sol og ulltrøye i Spania

Novembertur til Spania med fjelltur og borgruinar i staden for strandliv.

Det er siste veka i november 2015 og den vesle Fiat Pandaen vi har leigd sneglar seg oppover svingete vegar frå den spanske solkysten i tett regn. Når vi etter nokre rundar fram og tilbake gjennom dei trange gatene i Benimantell endeleg finn parkeringsplassen, viser temperaturmålaren i bilen 3 grader. Når vi kikkar opp ser vi nysnø på fjelltoppane. Vi hadde ikkje rekna med badetemperaturar, men snø?!

image

Heldigvis var leilegheita moderne, med varmekablar i alle golv. Landsbyen i seg sjølv verka også sjarmerande, og med ein liten daglegvare fekk vi tak i det vi trengte til middag. Det skulle bli ei bra veke, trass vêret!

Då vi neste morgon kom inn i stova og såg blå himmel og panoramautsikt over ein massiv fjellrygg, var det inga tvil om kva målet for veka var. Den måtte vi gå!

image

Første dag var uansett satt av til sightseeing. Vi hadde fått tak i kart over området og rusla langs fine stiar mot nabolandsbyen Guadalest, som er eit godt kjent turistmål. Langs vegen møtte vi fjellklatrar og kikka på klatreruter. Allereie då var det tydeleg at her må vi tilbake med klatreutstyr ein annan gong.

image

I Guadalest var vi ikkje heilt aleine, men eg kan berre tenkja meg korleis det der på sommaren. Eit av goda med å reisa utanfor sesong er at ein kan utforska serverdigheiter i ro og fred.

Ikkje nok med at vi var henført av dei små landsbyane og den flotte naturen – sola varma nok til at vi kunne kasta jakka. Vel og merke med langarma ulltrøyer under.

image

Neste natt vakna vi av vinden og kunne berre håpa på at den løya før morgonen. Etter ein liten tur ut på balkongen morgonen etter vart det klart og tydeleg at det ikkje vart fjelltur denne dagen heller. Det var så vidt eg stod oppreist i vinden. Fiat Pandaen fekk seg ein god luftetur på smale fjellvegar innom koselege småbyar denne dagen.

image

Dag tre måtte det berre skje, vi skulle jo snart heim! Vi fulgte ruta verten vår hadde beskrive det første stykket. Han meinte første topp var nok for ein dagstur. Trur ikkje han hadde hatt nordmenn på besøk før.

Etter å ha utforska borgruinar og fantasert om korleis det var der på maurarane si tid, åt vi lunsj i le. Frå leilegheita vår hadde vi sett oss ut minst ein topp til vi ville opp på langs ryggen. Og kor langt var det eigentleg opp på høgste punktet?

Vi klatra på alle fire opp på neste topp – utsikten var fantastisk. Ein skimta havet og Benidorm i det fjerne, og fleire små kvite landsbyar nedover mot kysten.

img_2971

Fjellryggen spreidde seg i ein liten dal oppover mot det høgste punktet. Kunne vi rekkja det før det vart mørkt? Vi måtte prøve.

Oppover dalen gjekk vaks rosmarinen høgt på begge sider av stien. Det var nesten som om vi fekk smaken av lammelår i munnen medan vi gjekk.

image

Stimerkinga forsvann plutseleg då vi nærma oss enden av dalen, men etter ein liten omveg (og litt svartmaling frå underteikna) kom vi oss opp.

Det var så absolutt verd det!

img_3025

Vel tilbake på grusvegen langs ryggen gjekk sola ned, og vi rusla nedover i mørket dei siste timane.

image

Ein av mine vakraste fjellturar nokon sinne vart avslutta med eit glas raudvin på den lokale baren i Benimantell.

SAM_7897.JPG

Med ei sol som endeleg varma godt nytta vi siste dagen med å utforske gamlebyen i Altea, sjå utover havet og eta turens første og siste middag på uterestaurant.

0 comments on “Sol og ulltrøye i Spania

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google photo

You are commenting using your Google account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: