New York 2009

Kva kan ein seie? Eventyret går mot slutten…


Ja, om tolv timar er eg godt på over Atlanteren. Fem månader går jammen fortare enn ein trur… Planen før det er å ta ein siste joggetur i yndlingsparken, kjøpe bagel til frukost hjå Ahmed på hjørnebutikken, pakke ferdig, vaske rommet, bære ting og tang bort til David og så ete avskjedslunsj på Yummy Taco med Camilla og David. Samme plass som me åt på første dagen her.

Dei siste dagane har gått med til “gjere-ting-for-siste-gong-ting” og sei hadet til folk og plassar… Siste kvelden vart tilbragt med Ben, frå dormen, og Leche, kompis av David, på stranda ved Coney Island. Ein perfekt måte å avslutte opphaldet på!

Andre ting ein kan bruka dei siste vekene av eit semester i New York på er….

… Å ta ein avskjedsfest på Denny’s. Denny’s er altså den lokale puben like ved. Ganske så harry, med storparten godt vaksne “regulars”, jukebox og biljard. Og sjølv om det kanskje ikkje er den hippaste plassen i byen trur eg eg har hatt nokre av dei morsomste kveldane her på den plassen! Det å kjenne bartenderen er også eit stort pluss – i alle fall om ein har brukt litt for mykje pengar på shopping før på dagen… Bartender Erik jobbar tirsdag og torsdag, og sidan eg altså reiser før pubtid i dag (torsdag) fann eg og Camilla ut at siste festen på Denny’s måtte bli på tirsdagen. Litt dødt i byrjinga, men etterkvart som andre bekjente tok turen innom blei det jammen ein skikkelig bra kveld dette og!

… Å nok ein gong oppleve dei ulike områda byen består av. Det å gå rundt i Chinatown, utanfor Canal street vel og merke, er ein morsom affære! Skilta står på kinesisk, dei hektiske gatene er i hovudsak prega av asiatar og annankvar butikk sel fisk og sjødyr i dei fleste format. Det bugnar av fisk av alle slag, både levande, døde og ein del midt i mellom, reker og skalldyr, blekksprut, sneglar i diverse variantar, skilpadder og froskar… Eit lite stykke Kina midt på Manhattan!

… Å gjere ting ein har utsatt dei forrige fem månadane. Slik som til dømes å ta ein jentedag i Greenwich Village, der ein tar bilete framfor trappa til 66 Perry St., der ein har sett Carrie og Mr. Big gå opp og ned eit uttal gongar, stikke innom den vesle Marc Jacobsbutikken på hjørnet før ein gjev seg sjølv ein liten “treat” på Magnolia Bakery. Kanskje stikk ein innom The Pleasure Chest også, for å gjere dagen komplett 😉 Slik såg altså vår tirsdag føremiddag ut. Etter det vart siste rest av shopping gjort unna i SoHo, og me avslutta med byens beste sandwich utanfor Havana Cafe.

I samme kategori, prega av både film og utsettjing, er ein kveld på Hogs and Heifner. Baren i Meatpacking District som kanskje er betre kjent som “Coyote Ugly-baren”. Eg feira nyttårsaften 2007/08 der, og syns egentlig heile konseptet er ganske så morosamt! Og ja, bartendarane, som alle er jenter i jeans, boots og bikinitopp, dansar på bardisken, skjeller folk ut i ropert og kastar ut alle menn som prøver seg på å danse på baren. Jenter som vil prøve seg er derimot heilt ok, og dei jentene som føler for å donere vekk bh-en er meir enn velkommen til å slenge den opp på veggen! Eg og Camilla hadde ein skikkelig bra kveld der forrige lørdag 🙂 No føler me at ringen byrjar å snurpe seg saman, og etter lunsjen på Yummy Taco i dag har me fått gjort det aller meste av det me har planlagt.

… Å ete middag på ein fin albansk italiensk restaurant i Midtown, for så å stikke innom Empire State like ved og nyte utsikten frå 102. etasje. Forrige gong eg var der kom eg ikkje lenger enn til 86. etasje, og eg har heller ikkje vore oppe i nokre av desse utsiktsplassane anna enn på dagen – så det var moro å få besøkt toppen på nattestid! Utruleg flott å sjå Broadway strekkje seg nedover heile øya.

… Å bli solbrent på Coney Island. Den raraste, og kanskje ikkje reinaste, stranda eg kan tenkje meg. Med freaks, hot dogs, stereotypisk hundre år gammal fornøyelsespark og ein superfin strandpromenade! Tar ein F-toget (vårt tog) 15 minutt i motsatt retning frå Manhattan kjem ein hit – og sjølv om Ben ikkje skjønar kva ein turist vil her vil eg definitivt anbefale alle som har tid å ta turen ut dit. Ei anleis strand, og ein anleis fornøyelsespark. Bør vel kanskje leggje til at eg er usikker på om eg vil anbefale verken pariserhjulet eller berg og dalbanen… 4. juli er det forresten pølse-ete-konkurranse her! Rekorden er 66 pølser med brød. Og, hot dogen har visst sin opprinnelse hjå Nathan’s her. Hadde eg ete pølser skulle eg definitivt prøvd orginalen, saman med alle andre som besøkjer stranda….

… Å traske rundt… Når ein berre har få dagar att i favorittbyen kan ein nesten ikkje sitje i ro, så eg har tatt toget hit og dit og brukt beina resten! Frå F-toget har eg kunna nyte synet av byen frå brua over Smith street, og på lørdagsmarknaden på Bedford i Williamsburg har eg kjøpt bøker langs gata. No når sommaren har komt på skikkeleg dukkar det opp marknader overalt her. Både store marknadar med unge designarar og folk som lever av å selje varene sine, mindre loppemarknader og ellers er i alle fall gatene i Brooklyn full av bord der folk prøver å selje eller gje bort ting dei ikkje har bruk for. Her er det faktisk også slik at ser ein noko liggjande på gata ein kunne tenkje seg, er det fullstendig akseptert å plukke det opp! Har ein noko ein ikkje lenger treng legg ein det utanfor porten, og tar ikkje nokon andre det så tar i alle fall båstømmarane det morgonen etter. Eg hadde planar om å leggje ut nokre bøker eg ikkje har plass til, men i og med at det styrtregnar er kanskje ikkje det den beste ideen…

 

… Lime med venner. Camilla har budd hjå David dei siste vekene, og heldigvis for meg bur han like ved! Og kva er vel koselegare enn å slappe av med vener, biljard, eit par øl og bra musikk?

… Å utforske gamle trakter og helse på ekorn i Morningside Park – som definitivt ser mykje betre ut om sommaren i forhold til i jula – etter å ha gått forbi hostellet på Amsterdam Ave og 103 gate, gå vidare oppover Harlem, sjå at Puppy’s leather outlet framleis held koken med klær for dei som ønskjer å ete mykje 😉 for så å rusle nedover gjennom Central Park og ta gondolbanen over til Rooseveldt Island og så ta toget derifrå når regnet byrjar å hølje.

… Å lime i Trinidad 5-6 dagar. 23.-29.mai tok eg og magnus turen til Diego Martin i Trinidad for å besøke Kendal, som me vart kjent med på dormen i løpet av vinteren. Det vart rett og slett ein av dei herlegaste feriane eg kan hugse! Med chill karibisk stemning, varme, turkist hav, kvite strender, flott natur, god mat, billig øl, båtliv, reggie og verdas mest gjestfrie folk kunne det rett og slett ikkje vorte betre! Etter litt startproblem med billettkluss på Newark, var Kendal ein super guide. Me vart tatt med på clubbing, båttur “down the islands”, på forskjellige strender, fotballkamp, barer, bursdagsfest, grilling, køyretur i fjella og smake haiburger og diverse vestindisk mat – alt saman med Kendal, familien og venene hans. Liming, som på dårleg norsk vil seie å “henge”, var hovudaktiviteten! Eine dagen tok tanta hans seg fri frå jobb for å vise oss litt av Tobago – som ligg 15 minutt med fly frå Trinidad. Der var stemningen endå chillare, sjøen blåare og strendene kvitare. Og det var tydeleg meir turisme. Me snorkla, smurte oss inn i sand som skulle føre til at me alltid ville sjå 10 år yngre ut etter at me fylte 30, besøkte eit fort, kjøpte suvenirar og sov på stranda.

1 comment on “Kva kan ein seie? Eventyret går mot slutten…

  1. Mange flashbacks fra vår tur!! sukk, yay! Haha “Eat what you want-then come see Puppy!!” Og Harlemparken..:) ps ekornene var like søte om vinteren! de er alltid vakre:D FSTP

    Like

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google photo

You are commenting using your Google account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: