New York 2009

Avskjedslunsj, avskjedsgallerirunde, avskjedsfest, avskjedsmiddag – og nye eventyr!

Det er utruleg rart og stille å gå rundt på dormen her i dag… I løpet av dei siste dagane har dei fleste avslutta vårsemestera, og i forigårs og i går pakka dei fleste tinga sine og reiste heim til upstate New York, Saudi-Arabia eller kvar dei no er i frå.

New York Studenthousing er ein privat studentbolig i Kensington området i Brooklyn. Det er ganske dyrt, men også ganske så fint. Men, det er ikkje lokala som har gjort det så fantastisk å bu her – det er den utruleg flotte miksen av ungdommar som har budd her!

Avskjedslunsj på Subway før Nikki og Nik reiste på torsdag…

Alt i alt er det plass til omlag 120 personar, fordelt på fire etasjar. Det er ein god del amerikanske studentar her, som hovudsakleg studerer på Brooklyn College. Det har vore sju nordmenn her dette semesteret. Det har vore ein heil gjeng som går på ELS engelskkurs her, blant anna tre frå Saudi-Arabia, eit par tyrkarar, to frå Libya, mange frå Japan og Sør-Korea og nokre frå Brasil. Og det er ein del andre sjølvstendige studentar som utnyttar mogelegheita til ei eller anna spesialisert utdanning frå New York. Ein får sjølvsagt ikkje like god kontakt med alle, men me blei ein god gjeng som hang saman i loungen eller kjøkkenet i fjerde etasjen om kveldane, festa i helgene og kosa oss i det fine veret no i vår!

Den siste veka her har det vore eit heilt fantastisk ver, med 30 grader og sol kvar dag. Dette har me utnytta til fulle innimellom all pakkinga! Eg har tilbrakt nokre timar i Prospect Park, Coney Island og sjølvsagt på terrassen utanfor dormen. Og eg må innrømme at eg er rimeleg nøgd med å ha meir skille no enn etter Miami-turen 😉
Heile avskjedsprosessen byrja eigentleg då Ida reiste heim med fellesreisa for eit par veker, og me gjorde ting for siste gong i NY saman med ho. I løpet av neste veke er det ikkje berre alle på dormen som reiser, men også dei fleste andre eg har hengt med her i byen. Og i og med at eg reiser til Trinidad om nokre timar, har dei siste dagane vore min siste sjanse til å gjere ting saman med dei. Så på torsdag var det siste gallerirunde med gallerigjengen, som tiltrakk seg fleir og fleir for kvar gong og som toppa seg heilt i sommarsola på torsdag! Ein fantastisk bra begynnelse på ein av dei beste kveldane her 🙂
For når klokka runda åtte og galleria stengte vendte eg nasa direkte heim mot Kensington. Her var det siste fest med dei som var igjen! Magnus holdt åpent rom, og musikken svinga mellom hip hop, swing, salsa, arabisk, reggie og indisk – med påfølgande dansing. Stemningen var på topp frå tidleg kveld til tidleg morgon! Trur ikkje me kunne fått ein betre avslutning på semesteret.
385 McDonald Avenue, med biljardbord i fjerde etasje!

 

Om nøyaktig 45 minutt sit eg, Magnus og Kendal oss i ein taxi på veg mot Newark – Trinidad, here we come!! 😉 Hehe… Der blir me til neste fredag, med andre ord seks dagar. Har veldig stor tru på at det blir toppers, sjølv om det ikkje kjem til å gå opp for meg før eg står med beina planta på Karibisk jord! I kveld skal me ut med venene til Kendal, i morgon blir det strandliv, båtliv og reggieparty og i løpet av veka skal me på dagstur til Tobago og på sightseeing med bestefaren. Herlig, herlig!

Når eg kjem tilbake blir eg faktisk buande her i Kensington to veker til. Etter mykje fram og tilbake fekk eg lov å bli her for 20 dollar natta, som er ein temmeleg bra pris til New York å vere. Og sjølv om det blir rart å bu her utan alle dei andre kjente fjesa trur eg det blir bra uansett. Kjenner eit par som skal være her, kjenner gutta på delien på hjørnet, Camilla som bur hjå David eit par kvartal bort, Denny’s, Ben som bur hjå bestemora i Coney Island og nokre andre som befinn seg her og der i byen. Herlig å ha eit par veker til til å utforske byen!!

2 comments on “Avskjedslunsj, avskjedsgallerirunde, avskjedsfest, avskjedsmiddag – og nye eventyr!

  1. Oi, her var det skjedd mye siden sist! moro..Tenk at det halve året straks har gått! crazy…Kos deg masse i Trinidad & Tobago, og i de siste 2 ukene med sommer & sol i NY! ÆÆÆ, kjenner du gutta på delien!! crazy mama

    Like

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google photo

You are commenting using your Google account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: