New York 2009

Proud to be Norwegian!

I alle fall i Bay Ridge på 17. mai…

Tidlegare har eg sett buttons med dette sitatet på folk i frå både Irland og Italia, så sjølvsagt med Irish og Italian i staden for Norwegian, og syns det såg skikkeleg harry ut. På sjølvaste 17.mai fekk eg mulegheit til å skaffe meg ein slik sjølv, og eg skal ikkje påstå at det er noko mindre harry med den no. Men når ein først feirar nasjonaldagen i Uniten så er det ikkje vel ikkje berre buttonsane som er litt harry. Og av og til er det jammen ganske herleg å være det og 😉

Helst ønska eg ein der det stod “Kiss me, I’m Norwegian” på, men dei var dessverre utselt…

17.mai i New York starta på meir eller mindre samme måte som heime, med unntak av alt styret der er å ta på seg bunad, altså med røykelaks, nysteikte rundstykke og champagne! Eventmaker Ingrid og venninna Ingeborg planla og arrangsjerte. Eigentleg skulle det heile føregå på taket til Ingeborg i Bushwick, men i motsetjing til heime var ikkje vergudane heilt på vår side denne dagen… Heldigvis bur Ingeborg i ei stor og flott leiligheit.
30 stk var invitert, flest nordmenn, nokre amerikanarar og ein svenske. Og alle hadde fått beskjed om kva dei skulle ta med – eit skikkeleg spleiselag 🙂 Eg dukka opp klokka ti, og vertane var i full sving! Etterkvart som folk kom blei bordet fullare og fullare med jorbær, vannmelon, røykelaks, ferske scones, eggerøre, ekte svensk gubberøre, potetsalat (som eg vil ha oppskrift på, Ingrid! Evt. heile historia om korleis du laga den ;), brunost og andre gode oster, kaviar, makrell i tomat, ananas, mango, salat, vestlandslefse og norske gulrot- og eplekaker. Ein skikkeleg norsk (og litt svensk) meny!! Smakte himmelsk.


 

I god norsk tradisjon var det så tid for tog. Eller parade. Det fins faktisk ein eigen 17. mai kommite her i New York også, leia av norsk amerikanarar i byen. Dei arrangerte ein stor parade, der temaet i år var norrøn mytologi. Dessverre kom eg akkurat for seint, etter å ha rydda opp all maten som var att etter frukosten… Men, folkelivet, talane (bl.a. av den norske konsulen), Stavanger Musikkorps som spelte Ja vi elsker og Mellom Bakkar og Berg, og Miss Norwegian Heritage i NYC fekk eg heldigvis med meg! Kåringa av Miss Norwegian Heritage var visstnok eit grep dei innførte for nokre år sidan for å gjere unge norsk amerikanarar oppmerksame på denne dagen, og for å få opp interessa for kvar dei “kjem” i frå. Om det er det beste trikset dei kunne fått til veit eg ikkje, men viss dei meinar det fungerar så gjerne for meg! :p Dei som derimot fekk med seg paraden sa me gjekk glipp av noko stort; store flåtar med vikingsekip og diverse og masse folk. Får vel komme tilbake og oppleve også den seinare!

 

I frå Leif Eriksonspark, der paraden endte og talane vart haldt, rusla me vidare oppover gata til Leif Erikssons pub. Eller Lief Eriksson som dei kalla han. Der var det nordmenn i alle variantar, og hot dog og lapskaus. Og øl såklart. Og god gammal swingmusikk. Utan at nokon såg ut til å kunne danse swing… Men moro var det i alle fall! Og folk var nærmast i ekstase når dei skjønte at det var “ekte” nordmenn til stades. Haha… Bunader var det uansett å sjå overalt.
Me var invitert vidare til 17.fest i leilegheita til VG korrespondenten Anders Giæver. Der det på skikkeleg amerikansk vis vart servert gratis drikke til gjestene. Her var det ein god blanding folk; nokre gatewaystudentar, konsulatansatte, journalistar og kunstnarar. Møtte faktisk to andre vossingar, så det vart litt mimring til feiring i heimbygda også! Trur forresten ikkje det å være korrespondent for VG er den verste jobben ein kan ha… Leilegheita var rimeleg fin!
Kvelden endte stille og roleg med jentefilmar og sjokolade på dormen. Ei fin avsluttning på ein morsom og utradisjonell dag!
Håper alle hadde ein like flott nasjonaldag 🙂

0 comments on “Proud to be Norwegian!

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google photo

You are commenting using your Google account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: