New York 2009

Bronx, ein liten bit Sverige, sushi, avskjed og sommar!

Av andre ting som bør nemnast av ting som har skjedd sidan Minnesota er bestilling av tur til Trinidad & Tobago ganske viktig. Lørdag 23.mai er eg nok ein gong på veg mot flyplassen, denne gongen saman med Magnus og Kendal. Eg og Magnus blei invitert til å besøke Kendal, som også har budd på dormen vår, når han reiste heim for sommaren. Og med billettprisar på 1900 kroner tur/retur var ikkje dette noko me kunne tvile på! Så på lørdag er me på veg – og eg kan nesten ikkje vente!!! 6 dagar i Karibien… Høyres vel ikkje så verst ut? Hehe…

Ellers så prøver eg å gjere og sjå mest muleg den siste tida her, helst utan å stresse. Heldigvis har eg fått ein gjeng gode vener som gjerne er med ut og leike i storbyen 🙂

Blant anna har eg:

 

 – endeleg komt meg til The Bronx. Såg ikkje så mykje meir enn dyrehagen, men den var til gjengjeld stor og flott! Me gjekk rundt og såg på giraffane, løvene, apane, slangane, selane og isbjørnen, åt is og småhutra litt i den kalde trekken. Etterpå åt me ein skikkeleg amerikansk middag på ein diner i nærleiken, og tok toget tilbake downtown. Bronx er kanskje ikkje den bydelen eg kjem til å sjå mest av, og av det me såg utanom parken har eg kanskje ikkje det største behovet heller… Sjølv om det visstnok skal være nokre flotte område der og.


– prøvd ut det som burde vore ein turistattraksjon på lik linje med Staten Island ferja, men som heldigvis ikkje er det: IKEA båten. Den er gratis, den går frå Lower Manhattan, ein kan sitje ute, er ein “heldig” gjev den greske kapteinen frå seg styringsansvaret og tek på seg guiderolla, utsikt mot Manhattan skyline, Brooklyn Bridge, Friheitsgudinna og Governor Island.
– besøkt IKEA. Som eit resultat av å ta båten ut dit blei det også ein tur innom restauranten. Svensken Henrik var spesielt begeistra for å få seg kjøttboller, og eg var ganske henrykt over endeleg å få meg litt skikkeleg laks med kokte poteter og ikkje berre sånne frityrsteikte greier dei har her elles.
– sett eit nytt område av Brooklyn – Red Hook. Frå IKEA gjekk turen vidare gjennom dette nabolaget på veg mot Carrol Gardens og subwayen. Me gjekk rundt, tok bilete og stoppa og drakk billig øl på ein svært så koseleg pub. Den beste måten å oppleve eit nytt strøk på, spør du meg! 🙂

– hatt avskjedslunsj for Ida… Ida, som er ei av jentene i klassen eg har vore mest med, reiste heim med “fellesreisa” til Gateway forrige onsdag, og me hadde ein kjempekoselig sushilunsj på Zen i St.Marks place i East Village før ho reiste.

 


 

– deltatt på nok ein Galleritorsdag – Chelsea, vener, kunst, øl, vin, champis. Kvelden endte hjå nokre amerikanske vener av Kjersti og Henrik, som me også møtte til middag nokre dagar tidlegare. Utruleg herlige folk! 🙂

– nytt varme solstrålar i Prospect Park med boka “A long way gone”, av Ishmael Beah. Brooklyn og New York er såå nydeleg når sola skin!

 

– stått i kø i fleire timar for å få billettar til og sjå film på ein takterrasse i Lower East Side. Eventmaker Ingrid har som vanleg peiling på kva som skjer. Turen gjekk direkte vidare dit frå parken, og me betalte $9 kvar for å sitje under stjernene, sjå minikonsert og kortfilmar og ete popcorn saman med 1000 andre. Rooftop Films hadde sett opp tre lerret og folk sat og stod overalt på taket. Etterpå forsette festen med gratis øl for alle som ville på ein pub i nærleiken.
– har eg altså lært at ein alltid bør gå ut av døra om føremiddagen utrusta med alt ein treng for ikkje å måtte komme heim att førutpå morgonkvisten, for ting skjer fort i New York.

0 comments on “Bronx, ein liten bit Sverige, sushi, avskjed og sommar!

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google photo

You are commenting using your Google account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: