New York 2009

Uffda is…


– getting swished in the face with a cow’s wet tail.
– eating hot soup when you’ve got a runny nose!
– trying to dance polka to rock and roll music.

Minnesota levde verkeleg opp til forventningane om å være ein “norsk stat”. Eller, ingen skal i alle fall seie at dei ikkje i det minste gjorde sitt beste. I løpet av ei helg i Fergus Falls, MN, fekk me jammen oppleve litt god gammaldags patriotisme ovanfor “vårt” kjære heimland.

Heile gjengen på Perkin’s, første dag i Minnesota og ein skikkeleg amerikansk lunsj!

Frukostsamtale på Perkins;
“Hey, where are you guys from?”
“Hello, we’re from Norway.”
“I thought I heard Scandinavian! I’m Norwegian too.”
“Really? Where do you come from?”
“My great grandfather came from Kristiansand, and we all learned Norwegian as kids. But unfortunately we don’t remember anything of it…”
….. i tillegg til den vidaregåande klassen frå Danielsen vgs i Bergen, møtte me fleire”norskies” på turen. Av meir eller mindre genuin art. Morsomt korleis nasjonalkjensla framleis står sterkt etter mange generasjonar!

Inspiration top – her i frå skal ein visstnok kunne sjå 50 av innsjøane i Otter Tail County. Nydeleg utsikt uansett!

Om det ikkje var så mange av dei, så var folk flest veldig hyggjelege i Fergus Falls og å få kontakt med dei var ikkje vanskeleg.
Medan det var sol og 30 varmegrader i New York denne siste helga i april, var det guffent og kaldt i Minnesota. Med unntak av fredag ettermiddag, då eg sat sju timar på flyplassen i Minneapolis og venta på dei som kom over dammen.
Av ikkje-norske ting me opplevde på turen var; bilkøyring, regn, K-mart, Perkin’s, svipptur til North Dakota, masse feilkøyring og uovereinstemmelsar med gpsen, den store “mallen” i Fargo, god italiensk restaurant, bading i byens største svømmebasseng på ca. 10 meter, Wal Mart, Applebee’s og masse avslapping!
Og sjølv om dette kanskje ikkje høyrtes så fristande ut for dei som sat på stranda og diverse hustak rundt i storbyen, så var det faktisk ganske så herleg!

 Vossingar, amerikanarar og litt patriotisme.
Av meir norsk art var høgdepunktet vossingen Knute Nelson sitt hus i Alexandra. Då han var 6 år kjøpte mora to einvegsbillettar til USA, og i 1849 flytta dei frå Evanger til Chicago. I følgje dama som viste oss rundt i huset skal han visstnok ha vore den politisk aktive utlendingen som har vore nærast å bli valgt til presidentkandidat. Han var guvernør i Minnesota nokre år, og sat i senatet i endå fleire år. I dag kan ein visstnok finne ei statue av han i Minneapolis. Eg derimot, var svært nøgd med å finne ei minifane med kommuneskjoldet frå Voss på kontoret. 😉
Ein større skuffelse var Cafe Viking. Sjølv om eg på den tida ikkje var ein kaffidrikkar (for ja, eg har byrja å drikke kaffi 😉 har eg mine bange anelsar om at lovnaden om beste kaffi i byen haldt ord, men med gratis påfyll går vel det meste ned? Kakene derimot, vart ståande att…

Ein stykk overfylt bil med lysa retta mot New York.

Etter tre avslappande dagar med Caroline og Kristian som omvisarar i Fergus Falls var tida komen for at eg skulle få vise fram litt av min amerikanske kvardag. Med litt av flyttelasset til C & K, og resten av bagasjen, stua me oss inn i bilen på veg mot flyplassen.

Om eg ikkje fekk smake lutefisk og lefse, så hadde eg uansett ei veldig fin helg i “den norske staten”! 🙂

0 comments on “Uffda is…

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google photo

You are commenting using your Google account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: