New York 2009

A Sunday Stroll

 Her i Kensington i Brooklyn er me så heldige at me har ein fantastisk park enten ti minutt å gå eller to stopp med subwayen i frå ytterdøra. Og sidan vêret er konstant fint her, prøver me å nytte oss av dette så ofte som mogeleg. Til no har eg jogga rundt parken nokon gonger, gått på tur rundt omkring i den nokon gonger i tillegg til å få ei fast joggerute delvis i delvis rundt. Herleg med så store parkar at ein ikkje treng å gå samme rute kvar gong!
Nokon av gutane som bur her på huset har laga seg eit ritual dei kallar “The Sunday Stroll”, som går ut på at dei ruslar ein tur søndag føremiddag. Nokre gongar har dei tatt subwayen til Coney Island, men som oftast trur eg nok det blir det enkle valet Prospect Park. Denne søndagen blei eg, James og Camilla med Peter og Magnus. Me tok subwayen dei to stoppa – ikkje fordi me var late, men fordi me då kjem til ein anna del av parken enn dersom ein går – og kom opp på hjørnet av Park Slope-området. Saman med barnefamiliar, hundeluftarar, fotballspelarar, pensjonistar og andre ungdommar ute for å trekkje litt frisk luft, bevega me oss innover i parken.

 

Prospekt Park er ein 585 acre stor park, midt i Brooklyn. I tillegg til Kensigton og Park Slope grensar den til andre populære område her. Den var planlagt og laga på 1860-70-talet, av arkitektane Frederick Law Olmsted og Calvert Vaux som også planlagte Central Park på Manhattan. Sjølv om det var dei samme som teikna begge parkane er dei vidt forskjellige, medan Central Park er fransk inspirert med rette linjer og streng struktur er Prospect Park meir av britisk stil. Den er vill og “naturleg”, med vatn, haugar, stiar, store plenar utan nokon form for regelmessigheit. Her kan ein stå på skøyter, spele baseball, basketball og fotball, besøkje Brooklyn Zoo, Brooklyn Botanical Garden, mate ender, gjess, svaner og søte ekorn og elles berre rusle rundt. Eg gler meg vilt til våren, når blada byrjar å sprette, graset vert grønt og blomstrane dukkar fram – då skal me ta med oss pledd, mat og skulebøker og sitje der å lese til eksamen! (Info frå wikipedia.com)

Denne søndagen rusla me eit stykke inne i parken før me heilt tilfeldig kom til det eine vestre hjørnet, der hovudinngangen og Grand Army Plaza ligg. Den store “triumfbogen” er dedikert til soldatar og sjømenn, og rundt den står fleire flotte statuar. Moroklumpane Peter og Magnus poserte for fotografen, før me gjekk vidare over rundkøyringa og sjekka ut hovudavdelinga til Brooklyn Library – det såg utruleg fint ut! Tida var så komen for litt påfyll av energi, så me fann oss ein koseleg liten restaurant i Prospect Heights. Utanfor kunne ein stå midt i gata og nyte synet av Empire State Building og delar av Manhattan skyline i solskinnet!

Vel heime, etter ein heil ettermiddag ute, hadde me gått forbi både Brooklyn Botanical Garden og Brooklyn Museum, prøvde å lære James og Peter OL-floka og sett resten av parken i frå utsida!

Ein herleg søndag i Brooklyn! Og dei som hevdar at alt anna enn Manhattan er noko tull, er hjarteleg velkomne til å bli med neste søndag – for Sunday Strolls skal bli min og Camilla sitt søndagsrituale også 🙂 Trur i alle fall James blei overbevist om at Brooklyn likevel ikkje er så gale. Hehe…

1 comment on “A Sunday Stroll

  1. hørtes ut som et kjempe koselig søndagsrituale! 🙂 sku gjerne joina neste søndag! :p i wish, i wish! kepp enjoying the good life!har du forresten fått deg nye converse sko!? küüle!! 🙂

    Like

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google photo

You are commenting using your Google account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: