New York 2009

Endeleg ei oppdatering med utgangspunkt i BROOKLYN ;)

Ja, ja – eg veit der er lenge sidan eg har oppdatert bloggen no… Dei siste vekene har vore ganske hektiske, i tillegg til at dataen min dessverre nektar å jobbe på lag med meg… Og så må eg vel innrømme at eg til tider er litt lat også 😉
Sidan sist så har eg som sagt flytta til Brooklyn, og livet her er faktisk ikkje mindre herleg enn på Manhattan. Rommet er stort og fint, folka er hyggelege og sjølv om området kanskje ikkje er verdens mest spennande så har også det sin sjarm. Omtrent 10 minutters gange, eller 2 minutt med undergrunnen, ligg Prospect Park, som i følgje mange new yorkarar faktisk skal være den finaste parken i byen. Til no har eg jogga rundt den og såvidt eit lite stykke inne i det eine hjørnet, men den ser svært lovande ut! Det meste av området rundt parken er Park Slope, som er eit veldig fint nabolag – og som visstnok skal ha ein god del hippe uteplassar, pubar, bra shopping og koselege kafear. Det skal sjekkast nærmare ut til helga!
Rommet vårt:

 

Rom 308: min del til venstre, utsikt mot kjokken, gang og mitt kleskap fraa senga mi. Badet ligg “bak” tven.
Rommet inneheld to senger med ein genial skiljevegg i mellom, to skrivepultar, to store kommodar, to lampar (som gjerne skulle vore fire), tv (med Kongen av Queens og Alle Elsker Raymond 24 t i døgnet), minikjøkken med ein ganske så avansert mikrobølgeovn, vask, kjøleskap og frys, gang med to store kleskap og eit stort bad med det som trengs der. Eg er altså rimeleg fornøyd! I etasjen over er det stort felles kjøkken, storskjerm der me kan sjå tv og filmar, biljardbord og “vending machines” med brus og sjokolade 😉 Og rett over gata ligg den fantastiske supermarknaden Foodtown og subwaystoppen vår Church Ave.

Puben paa hjornet – Denny’s, med Joe, Camilla, Peter, Magnus, (meg) og Steve.

Og på hjørnet ligg den lokale puben Denny’s, der me tilbragte ein koseleg kveld med folk frå studenthousingen forrige lørdag! Og som eit lite apropos er ølen 4-5 dollar billigare her enn på Manhattan. Det hoyres ikkje saa aller verst ut, eller kva?

Studiestart:

For litt over ei veke sidan hadde me første dag på skulen i 11. etg av Metropolitan College of New York, downtown Manhattan. Er vel eigentleg ikkje så mykje meir å seie om det enn at det var maange norske jenter og eit par norske gutar samla på ein plass. Men; studiet virkar utruleg interessant! Klassen er liten, og både lærarar og medstudentar har eg sålangt ingenting negativt å seie om 😉 Trur det blir eit bra semester studiemessig også!

Fraa Gonzales y Gonzales og rebuslopet – det siste biletet visar dagen vaar i korte trekk!

I korte trekk har den forste skuleveka bestaatt i:

  • Informasjon, informasjon og informasjon paa onsdagen – og eit stykk gratis adapter til alle.
  • To heile fridagar til for oss paa Kulturledelse.
  • Teater paa Broadway paa torsdagen: “Equus” med sjolvaste “Harry Potter”/ Daniel Radcliff – fantastisk!!
  • Gratis middag paa Gonzales y Gonzales i NoLita fredag ettermiddag.
  • Ein liten tur tilbake til Gatsby’s i Spring Street i SoHo etter middagen.
  • (Avskjedsfest for ei barndomsvenninne av James fraa Hong Kong paa Lower East Side.)
  • Rebuslop paa Manhattan: I Love NY-t skjorter, guidebok, norsk flagg, Times Square, venting paa undergrunn, Columus Circle, Central Park, pretzel, venting paa buss, Columbia University, venting paa buss, venting paa undergrunn, 2 timar forsinka til graut i Sjomannskyrkja (fekk vaflar i staden), venting paa undergrunn, endaa meir venting paa undergrunn og venting inne paa eit tog som stoppa, Pier 17 og Southstreet Seaport og GRATIS pizza 😉 Med andre ord, mykje venting og berre halvgjort rebuslop. Slik gaar det naar det er arbeid paa halvparten av togrutene…
  • Mamma Mia – the musical – paa Broadway. Veldig bra, men filmen er betre etter mi meining.
Central Park i sol og opp i mot 20 grader, og litt av utsikta fraa MCNY biblioteket der eg sit no.
  • Forelesningar – interessante timar i kulturledelse, og stand-up komikar i american topic-faget – morsomt!
  • Lesing paa biblioteket i 12. etg. paa MCNY – med utsikt mot baade Hudson River, Jersey City og Empire State.
  • Guida tur paa delar av The Metropolitan Museum.
  • Amateur Night at The Apollo Theatre i Harlem – anbefalast

Trur eg allereie kan anbefale dette studiet til alle som er litt interessert i kunst og kultur, planen framover er ikkje mindre spennande enn det har vore til no. Men trur kanskje ikkje det er heilt det samme aa ta det ved hogskulen i Bo i Telemark… 😉

Saann ellers har det ikkje vore tid til saa veldig mykje. Har gaatt turar litt hit og dit, Greenwich Village er eit spennande omraade 🙂 Gjekk tilfeldigvis forbi trappa til “Carrie” igjen, Magnolia Bakery og ikkje minst den vesle Marc Jacobs sjappa (men dei hadde ikkje dei sote lommebokene fraa i fjor…)! Har ogsaa gaatt oppover langs Upper West side – fancy, og rusla meir rundt i Central Park. Veret er ei historie i seg sjolv – det har denne veka veksla mellom sno, regn, – 10 grader og naermare + 20! Gler meg til mars og litt meir stabilt vaarver. 🙂

PS! Haapar paa aa faa orden paa dataproblemet snart (cross my fingers), saann at blogginnleggene kan bli litt meir spennande att ;p (Viss nokon har ein ide om kvifor ein laptop-skjerm plutseleg byrjar aa “flimre” tar eg gladeleg i mot raad og tips!!)

PPS! For dei som lurar – eg fekk melding i fraa han som spurte om nummeret mitt for nokon veker sidan ;p Tok vel naerare 3 veker enn 3 dagar, men morsomt er det likevel! Hehe… Og om det er interessant aa vite, saa har eg altsaa ikkje svart. Men tida faar vise!

2 comments on “Endeleg ei oppdatering med utgangspunkt i BROOKLYN ;)

  1. Rebuslopet hortes kult ut MINUS pretzel! Haha. ugh. Aaa, gikk du i vare gamle fotspor pa Carrie-trappa! cool…Synd med den lilla glinsende pungen. jaja:) Nice apartment! Kos deg videre SOTA

    Like

  2. Haha.. Pretzelen blei due og ekornmat i Central Park 😉 😉 Rebusløpet var egentlig ikkje så kult – rett og slett fordi me hadde skikkelig dårlig hell med buss og tog heile dagen… Men fekk i det minste besøkt Columbia Uni igjen, du e heldig som i det minste har budd der eit par netter 😉 Hihi… Kos deg vidare i Irland!

    Like

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google photo

You are commenting using your Google account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: