New York 2009

Tredje helga i stikkord :)

Vel tilbake frå Philly og Pennsylvania tok me fatt på nok ei begivenheitsrik helg i det store eplet!

 

(1. bilete: Camilla, Craig og Eric. 2.bilete: den supersnille bartenderen, som heldigvis fekk bra med tips! 3.bilete: Camilla, Stian, André, meg og James)
  • Vorspiel med James, Camilla sin kompis Stian og kompisen hans André, begge jobbar i Florida og var i byen i anledning Metallica konsert.
  • Bar på 27th og 5th Ave, der Frankie, ein Bloomingdales kollega av James, skaffa oss fri bar heile kvelden gjennom ein bartenderkompis. Møtte også igjen Craig og ein annan kompis av han.
  • Pigs and Vessels, puben like ved James.
  • Å kunne nyte godet å ta taxi heim til SoHo for nest siste gong.
  • Joggetur over Brooklyn Bridge, gjennom City Hall og vidare oppover Chinatown.
  • Bursdagsgaveshopping til mine snille og søte nieser heime i gamlelandet.
  • Striper, kur og klipp på SuperCut av verdens kulaste frisør Toni, ved Union Square.
  • Rusle heimover med James og Camilla.
  • Bestille Gnocchi (pasta) og ete heime.
  • Kjøpe litt god vin på WineTherapy over gata.
  • Identity Lounge – fancy lounge med gratis champis i Lower East Side. Moro med venner som kjenner folk her og der, og som sørger for at me står på lister og slepp cover charge og kø 😉
  • Møte Josh og kollegaer av han på ein pub i nærheiten.
  • Tidleg kveld og nest siste natt i 170 Elizabethstreet.

(På Identity Lounge – første gong eg har stått på liste for å komme inn ein plass!)

  • Strålande sol og endeleg varmt vêr.

 

  • Endå meir bursdagsgaveshopping i SoHo.

 

 

  • Gå rundt og nyte det nydelege vêret i området sammen med James.

 

 

  • Young Designers Market 🙂 Der dei sel verdas nydelegaste og spesielle vesker, smykker +++

 

 

  • Stikke innom små butikkar og galleri på vegen.

 

 

  • William Bennet Gallery: lite koseleg galleri, som for tida har byen sin største samling av orginale Salvador Dalì bilete.

 

 

  • Rusle vidare nedover til Tribeca.

 

 

  • Møte dei to Philly-jentene Sina og Anna, som etter vår oppfordring hadde tatt seg ein dagstur til NYC, til lunsj.

 

 

  • Gå tilbake oppover gjennom City Hall, Chinatown og Little Italy – nesten som tre byar i ein.

 

 

(Lunsj med Sina og Anna i Tribeca)

 

  • Super Bowl!

 

 

  • Super Bowl party med eks-kollegaer av James frå Late Show i ei leiligheit i East Harlem – artige folk, usunn mat, amerikansk fotball, nydeleg balkong, varmt vêr, utsikt over Harlem og East River og herleg stemning.
  • Pakking i Elizabeth street…

 

 

(Super Bowl Party i Harlem!)

I dag, mandag, flytta me endeleg til Brooklyn. Hybelen vår er utruleg fin, både rom og bad er mykje større enn det såg ut til på biletene, området verkar ganske spennande, og reiselengda blir me nok vant til etterkvart – det kunne definitivt vore verre! Har ein veldig god følelse her eg sit, ferdig utpakka etter å ha gjort alle innkjøp som trengs til den nye bustaden vår. Her blir eg nok fram til eg må flytte 22. mai! 🙂

I morgon kjem Ioana tilbake frå Miami, me skal møte resten av folka som bur her, me har siste fridag før skulen byrjar med introduksjonsseminar på onsdag – og eg kan nesten ikkje vente med å begynne å studere igjen. Kall meg gjerne rar 😉 Resten av veka skal visstnok være seminar, utflukter med klassen, “bli-kjent-med-Manhattan-rebusløp”, velkomstmiddag og Broadway-musikalen Mamma Mia på søndag. Neste mandag startar undervisninga for fullt.

1 comment on “Tredje helga i stikkord :)

  1. seriøst, jeg er MISUNNELIG!!!!!! :D:D hver gang jeg er innpå her syns jeg ekstra synd på meg sjøl som sitter her i kalde oslo og driver med kjedelig skolearbeid..MEN, du fortjener det så absolutt!!! ❤ take care kjære!! 🙂

    Like

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google photo

You are commenting using your Google account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: