New York 2009

Just a piece of paper?

“Haha… Did you get a man to hold that piece of paper??!” James braut ut i latter då han såg gjennom bileta frå Philadelphia-turen til meg og Camilla. Men er det verkeleg berre eit stykke papir? James beviste i alle fall at han ikkje er erkeamerikansk, for dette stykket papir er faktisk eit av dei viktigste stykka papir i amerikansk historie: nemleg Uavhengigheitserklæringa frå Storbritannia, underteikna 4. juli 1776!
Forrige veke stakk me heilt tilfeldig til Philly eit par dagar, etter å ha diskutert og sett på bussruter til både Boston og Washington DC. Philly hadde aldri vore i planane våre før me såg at turen dit var to timar med buss, i motsetjing til fire timar til dei to andre byane. Og åtte timar på buss, fordelt på to dagar frista lite. Så me bestilte bussbillett til torsdag morgon, og heim att fredag ettermiddag, og byrja å lese oss litt opp på denne byen som ein gong var landet sin viktigaste.
Kor enn me gjekk i Philly handla det på ein eller annan måte om uavhengigheit og fridom. Det første me besøkte var den britisk laga klokka Liberty Bell. Som sidan 1776 har vore amerika sitt fremste symbol på fridom, etter at den skal ha ringt då uavhengigheitserklæringa vart underteikna. Klokka er også kjent for sin spesielle lyd, på grunn av ei stor sprekke som går frå bunn til topp på eine sida. Tidlegare hang klokka i det som då heit State House, i dag Independence Hall, men er no flytta over gata til eit eige museum. Independence Hall var neste post på programmet, og det var altså her dei forente statane offisielt vart til og me fekk ta bilete av dette spesielle stykket papir. Rundt omkring i gatene kunne me sjå forgylte skilt som viste viktige hendingar på staden, og både forkjemparar for kvinner og homofile sine rettar var nemnt ulike plassar.

Dessverre er ikkje Philly ein viktig og oppadgåande by i dag, men heller ein som går nedover i motsetjing til New York. Dei flotte kjøpesentra ein tidlegare kunne finne er bytta ut med KMart og liknande, og sjølv om sentrumet er lite, stille og koseleg har utkantane av byen større problem. For folk flest, i alle fall utanfor USA, er byen kanskje minst like kjent for å være opphavsstaden til Will i Fresh Air i Bel Air og byen der Rocky filmen vart spelt inn. Me tok turen ut til Philadelphia Museum of Art for å sjå dei kjente trappene frå filmen, og Rocky Balboa statuen som er sett opp like ved.

På kvelden skulle det være Pub Crawl arrangert av hostellet me overnatta på, men før dette var me også innom fengselet Eastern State Penitentiary og den vesle, koselege sjokolade kafeen Naked Chokolate, som skulle ha byens beste sjokolade. Etter å ha stått å sikla over all sjokoladen ei stund gjekk begge for ein brownie sundae, med krem og karamellsaus. Skuff!! Av alt det gode dei hadde valgte me såklart den med gammal, tørr brownie berre oppbløytt av supersøt og klissete karamellsaus og eit lass med krem. Den blei ikkje eten opp. Middagen på indisk restaurant etterpå var derimot ein suksess!

Seinare inviterte altså hostellet på Pub Crawl. Men ikkje nok med det, dei inviterte også på vorspiel med gratis drikke til gjestene. Og utover kvelden vart me kjent med dei to søte jentene Sina (frå Tyskland) og Anna (frå Austerrike), som begge hadde vore Au Pairar i Denver dette året, to spanjolar, ein tyskar og ein som jobba på hostellet. Turen gjekk vidare til ein pub med øl til $1 mellom kl. 22 og midnatt. Det vart ein billig kveld!

Dagen etter forsette me sightseeinga frå dagen før, og var innom Elfreth’s Alley, som skal være amerika si eldste gate. Og før me tok bussen heim att rusla me bort til byen sitt hippiestrøk og såg på den utrulege “Magic Garden”, som er eit spennande kunstprosjekt av glass, fliser, keramikk og mykje anna spennande satt saman til store mosaikkar på veggar både inne og ute.

Me hadde altså eit par spennande og effektive dagar i den gamle hovudstaden! Eit par dagar i Philly kan absolutt anbefalast, og det samme kan det sentrale og koselege Apple Hostel.

 

1 comment on “Just a piece of paper?

  1. AAA!!! Na fikk jeg utbrudd pa datasalen pa St Marys!!! I MISS TOPSY so much!!Jeg melder meg inn i kred-rekka til godt voksne som reiser pa budsjett! Jaja, det hores jo ut som det er never-ending story med opplevelser!! Jeg skjonner faktisk du vil begynne a studere, etter 1 uke fri i Irland har jeg skjont det gar med penger til fritid, var goy a begynne pa skola!! Na er jeg Miss Sate, men FSTP er jo international sa kanskje…MISS YOU! love

    Like

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google photo

You are commenting using your Google account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: