New York 2009

Snø, skøyter og skyskraparar!

Dei fleste tenkjer på Manhattan som byen med alle skyskraparane, Manhattan Skyline er det folk ser for seg når dei tenkjer på New York og alle kjenner til Empire State, Rockefeller og Trump Tower. Men øya er også full av såkalla grøne lunger. Dei fleste har høyrt om Centrak Park. Men det fins parkar av ulik størrelse er spreidd utover alt. På joggetur i går formiddag oppdaga eg ein “ny” slik fin liten park; Rockefeller Park. Med utsikt mot Jersey City, Friheitsgudinna og Hudson River og mange små morsomme dyrefigurar plassert rundt omkring.

Uptown ligg ein annan liten søt park, om enn litt større, midt i mellom svære kontorbygningar, hotell , New York Public Library og andre fasjonable skyskraparar. I løpet av året er det mykje som skjer i denne parken, blant anna held New York Fashion Week til her. Om vinteren lagar dei til skøyteis på ein del av parken, slik at new yorkarane kan komme hit og få litt frisk luft i mellom slaga. Inngang til The Pond, som skøytebanen heiter, er faktisk gratis. Så kan ein leige skøyter og skapplass til vesker for ein ganske så rimeleg penge.
Eg har stått masse på ski i mitt liv, men skøyter har eg aldri prøvd før. Og søndag kveld hadde det seg slik at James introduserte oss for ein kompis som hadde planer om å prøve The Pond neste ettermiddag. Når han så inviterte oss med var jo det ein gylden sjanse eg ikkje kunne la gå i frå meg. Litt engstelig for foreståande knall og fall (i alle fall for min del) stilte me oss i kø utanfor. For det viste seg at det var fleire enn oss som tenkte seg på skøyter på Martin Luther Kings Day, kanskje ikkje så rart med tanke på at det er ein nasjonal fridag? Me kom oss uansett fram, fekk leigd oss skøyter og plutseleg sto me ved isen klare til å trakke innpå. Korleis skal dette gå, tenkte eg. Men det gjekk faktisk overraskande bra! Baken min hadde visst ikkje trengt å stålsette seg for harde fall, for sjølv om dei første rundane var litt stavrande så klarte eg å halde meg på beina heile tida! Gjekk faktisk så bra at eg etterkvart kunne bli med på tikken, eller “tag” som det heiter her, med Josh og Camilla 🙂 Eg bør vel innrømme at det snødde ganske kraftig, slik at det kanskje var litt enklare for nybyrjarar som meg… Men andre datt som fluger rundt oss likevel. Uansett, ein skikkeleg idyllisk ettermiddag!

 James møtte oss utanfor og inviterte på middag hjå seg etterpå. Så mens Camilla og Josh stakk downtown for å skifte av seg fuktige kle etter all snøen som lava ned, rusla eg oppover 5th Ave med James. Kjekt å ha ein lokal guide! Eg har hatt bange anelsar om at han bur rimeleg bra, spesielt etter at han fortalte at Beyonce og Jay-Z bur i samme bygget, men utsikten som viste seg når me gjekk inn døra i 37. etasje slo verkeleg pusten ut av meg. Det var som om heile Queens låg rett under oss. Rett og slett fantastisk!! Den 3-roms store leiligheiten elles var definitivt ikkje så verst heller, men den tilhøyrer altså mora og ikkje James sjølv. Og faktisk var me såpass høgt oppe att både telefondekning og internettet var så som så.

 

Ein herleg mandag i The Big Apple!

2 comments on “Snø, skøyter og skyskraparar!

  1. Du e tøff Anne! 🙂

    Like

  2. Guri malla..Det høres virkelig helt magisk ut!!Litt av en leilighet JAMIS hadde! Du må hilse..Tror akkurat misunnelsen min har nådd nye uante høyder, dette må jeg leve med i et halvt år..DU-prøv å vær litt mindre entusiastisk -for vår skyld…(merk deg at kidn sa dette…) neida. you are living the american dream!

    Like

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google photo

You are commenting using your Google account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: