New York 2009

Boligtull

Turen bort gjekk så smertefritt som det kan gå, landa før tida både i London og NYC, passkontrolløren som sjekka visum plystra og sang, tollen sendte oss rett vidare og det var null taxikø. Men hellet kunne jo ikkje vare… Taxien stoppa utanfor boligen i Brooklyn, eg gjekk inn for å sjekke at det var rett plass og fekk bange anelsar då den supervennlege vakten helste meg med eit trist “Åh, hei. Er de frå Gateway? Dei har dessverre ikkje ført over pengar til oss så me har ikkje rom til dykk..” Så står me der, midt i Brookly, utan rom, kva gjer me? Me prøver jo å ringe dei som er ansvarlege for dette her i NY, men mobilen er avslått. Heldigvis får me kontakt med ei i Oslo, som står opp midt på natta, reiser på kontoret og forhåndsbetaler hotell Downtown Manhattan for oss. Takk og lov! Det tok oss til Sohotel i Little Italy, og utover kvelden og natta blei det klart at det ikkje blei Brooklyn på oss på ei stund endå. Kvifor er framleis litt usikkert, men det var eit problem med betaling, kontrakt og advokatar mellom Gateway og NY Studenthousing… No har me flytta til ei flott leiligheit i Soho, nærmare bestemt Elisabeth Street, og har møtt Ioana som i utgangspunktet også skal bu i Brooklyn. Området er utruleg spennande, med Little Italy og Chinatown rett rundt hjørnet, relativt rolege gater og nærheit til det meste. Så spørs det vel berre kor lenge me får bu her, korleis Gateway ordnar opp i problema og når me faktisk kan få pakke ut!! Fortsetjelse følgjer 😉
Jetlagen førte til ein svært så tidleg morgon i dag, og halv åtte var me ute av døra. Har ete bagel and creeme cheese til frukost, vert innom Starbucks, hutra oss rundt i dei iskalde gatene, tatt bilete på 5th Ave, kjøpt månadskort på subwayen og ikkje minst kjøpt nytt kamera!! Canon PowerShot SD880 IS, nydelig kompaktkamera i gull, med vidvinkel, 10 mp, 4 x optisk soom og elles det eg kan trenge. Å handle kamera i NY er ein opplevelse i seg sjølv! Var først innom B&H, der kameraene vart sendt rundt i taket og hassidiske jødar med hatt og krøllar ekspederte i alle retningar. Dei hadde ikkje kameraet eg i utgangspunktet ønska, og sendte meg vidare til konkurrenten Adorama. Dei var ikkje like fancy, men dei bak disken endå morsommare. Hadde ikkje kameraet dei heller, men etter god hjelp bestemte eg meg altså for eit canon. Sparte til og med litt pengar på det! Svært nøgd 🙂
No lager Ioana amerikanske pannekaker til lunsj, og etterkvart vågar me oss nok ut i kulden att!

2 comments on “Boligtull

  1. I ❤ THE BLOG!! FSTP er bare utrolig utrolig misunnelig og kjempestolt over Mamaen sin!!! oh, I ❤ NY... LYKKE TIL I "verdens hovedstad"!! vil komme på besøk! LOVE

    Like

  2. Hei Anne!! 🙂 høres ut som om du har da bra etter forholda! Misunne deg virkelig! 🙂 Kos med ein slik blogg me kan følge med på! 🙂Mange sussa og klemme fra Mariann

    Like

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google photo

You are commenting using your Google account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: